Løyver 500.000 kr for å hjelpe dei som treng det mest i juletida

Fylkesutvalet løyver 500.000 kroner til frivilligsentralane i Møre og Romsdal, som ei hjelp inn i mot jula.

Forslaget om å løyve ein halv million kroner var eit fellesforslag.

I vedtaket står det at Fylkesutvalet ser at Frivilligsentralane i Møre og Romsdal gjer eit viktig arbeid for dei som slit mest med å få endane til å møtest. Og vidare:

«Fylkesutvalet vil derfor løyve kroner 500.000 til Frivilligsentralane for at dei kan organisere innsamling av mat og andre forbruksartiklar frå handelsstand og andre, støtte alternativ julefeiring eller bidra til andre tiltak for dei innbyggarane som treng det mest i juletida.

Dette skal fordelast etter innbyggartal i kommunen. For dei kommunane som ikkje har frivilligsentral, kan kommunane fordele midlane til andre liknande organisasjonar.

Løyvinga blir dekt av fylkesutvalet sin reservepost.»

Vedtaket var einstemmig.

Møteinnkalling, saksliste, saksframlegg og møteprotokoll frå fylkesutvalet tysdag 25. november 2025