Løyver ein million kr til Kompetanse-HUB Romsdal

Eit einstemmig kompetanse- og næringsutval løyver ein million kroner til det som skal bli ein nyskapande kunnskaps- og kompetansesatsing for bedrifter og arbeidslivet i Romsdalsregionen.

Det er Nordveggen i Rauma som søker midlane og er prosjekteigar for Kompetanse-HUB Romsdal saman med arbeids- og inkluderingsbedrifta Astero AS. Konsulentselskapet 2iKompetanse AS og Kopano er sentrale samarbeidspartnarar i prosjektet.

Med Kompetanse-HUB Romsdal ønsker samarbeidsaktørane å teste ut ein modell som skal legge til rette for at arbeidslivet i Romsdal får tilgang til kompetanseheving tilpassa behova i arbeidslivet.

Tre ulike tenester

Kompetanse-HUB Romsdal vil tilby tre ulike tenester og aktivitetar:

  • Modulbasert fagskoleutdanning. Legge til rette for at arbeidslivet i Romsdalsregionen får tilgang til modulbasert fagskoleutdanning.
  • Kurs og mikrokurs. Tilby relevante kurs og mikrokurs som ikkje gir studiepoeng, men kompetanseheving.
  • Kompetansekartlegging. Eit nytt utvikla verktøy for kartlegging av kompetanse, Karrierepasset, skal medverke til å dokumentere både formell kompetanse og realkompetanse tileigna gjennom jobb og fritid.

Har planar om studiesenter

Prosjektperioden går fram til 2026. Då er planen til Nordveggen å få på plass finansiering gjennom tilskotsordning for studiesenter.

Nordveggen søkte om 1,2 million kroner i prosjektstøtte, fylkeskommunedirektøren tilrådde 800.000 kroner i støtte, mens eit einstemmig kompetanse- og næringsutval løyvde ein million kroner.

Møtedokument for kompetanse- og næringsutvalet sitt møte torsdag 12. september 2024.