Løyver over to millionar til trafikktryggingsarbeid

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune løyver over to millionar til haldningsskapande trafikktryggingsarbeid for 2025. 

Fylkeskommunen har eit særskilt ansvar for trafikktryggingsarbeidet i fylket ved å tilrå og samordne tiltak i fylket. Dette samordningsansvaret er organisert gjennom TS-forum, med deltakarar frå politiet, Statens vegvesen, Trygg Trafikk, Utrykkingspolitiet (UP), Norsk Trafikkskoleforbund og Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Bilete er frå sykkelopplæring gjennom samarbeidsprosjektet Trygg Sykkel, ved Sellanrå skole i Molde.

Dei prioriteringane som blir gjort, er forankra i nasjonale og regionale planar – som understøttar nullvisjon som seier at ingen skal bli drepne eller hardt skada i trafikken. I Samferdselsutvalet 5 februar vart det løyva midlar til dette viktige arbeidet.

Den største delen av midlane på 2 070 000 kroner går til tiltak gjennom Trygg Trafikk.

Tiltaka

1,87 millionar kroner går til haldningsskapande arbeid i regi av Trygg Trafikk innan desse områda: 

Trafikktrygging for barn og ungdom   

  • Sikring av barn i bil – vidareføring av tidlegare tiltak  
  • Kurs for barnehagetilsette – nye kursmodular blir vidareført i 2025
  • Trafikktrygging i fotball og handballmiljø  
  • Trafikktrygging i ungdomsskule – valfag trafikk   
  • Trafikktrygging på sosiale medium, kommunikasjon om ruskøyring på festivalar m.m – ungdom – unge vaksne – vaksne 
  • Barnas trafikklubb – sykkeldyktig – undervegs – vegval 

Ansvarlege og kompetente trafikantar   

  • Synlegheit i trafikken – refleks, refleksteljingar, informasjon og sosiale medium. Sykkeldyktig   
  • Køyr rusfritt kampanje i samarbeid med musikkfestivalane 

Trafikktrygging som samfunnsansvar  

  • Trafikktrygg kommune/trafikktrygg fylkeskommune  
  • Betre trafikktrygging og trafikktrygg åtferd – delta på introduksjonskurs for flyktningar


Resterande midlar fordeler seg med 150 000 kroner går til refleksvestutdeling til 1. og 5. klasse i Møre og Romsdal, og 50 000 kroner til tiltak i regi av Norsk Motorcykkel Union (NMCU), avdeling Møre og Romsdal .

Auka fokus på motorsyklistar

I 2023 omkom 20 motorsyklistar og 142 personar blei hardt skadde på landsbasis. I Møre og Romsdal omkom ein person og 11 blei hardt skada. 

På bakgrunn av dette ønsker fylkeskommunedirektøren i 2025 å støtte NMCU Møre og Romsdal med midlar til førebyggande og haldningsskapande tiltak retta mot MC-førarar frå 16 år og eldre. Føremålet er at det skal bli betre og meir observante motorsyklistar gjennom desse tiltaka:

  • Kurs retta mot ungdom og eldre motorsyklistar 
  • Førstehjelpskurs med teori og praktiske øvingar
  • Informasjonsmateriell 
  • Haldningsskapande kurs til alle NMCU sine medlemmar 
  • Sjå oss! aksjon