Løyver tilskot til gjenbruk av salt frå fiskeindustrien

Prosjektet FARBAR er løyvd eit tilskot på ein million kroner til eit prosjekt som skal utvikle teknologi for reinsing og gjenbruk av salt og saltlake frå produksjon av salt- og klippfisk.

Det var kompetanse- og næringsutvalet som  løyvde midlane.

I dag importerer fiskeindustrien årleg rundt 300.000 tonn salt for produksjon av salt- og klippfisk. Samtidig blir tilsvarande mengde salt importert for salting av vegar. Prosjektet FARBAR, som er leia av ScanProd, Filtra, Mesta og SINTEF Nordvest, har som mål å utnytte den betydelege mengda salt og rest-saltlake frå fiskeproduksjonen. Dei vil utvikle nye verdikjeder og industrielle symbiosar for gjenbruk av saltet, og dermed redusere importen av salt og dermed karbonfotavtrykket.

«Ved å utvikle teknologi for reinsing og gjenbruk av salt og saltlake, kan til dømes Mesta bruke denne saltlaken til vegsalting, noko som vil vere eit sirkulært og berekraftig steg for industrien», går det fram av saksframlegget.

Kartlegging

I prosjektet skal det mellom anna arbeidast med å kartleggje kor store volum salt og saltlake som er tilgjengelege. Ein skal arbeide med teknologiske og berekraftige løysingar for å felle ut saltet og lagre det som fast stoff. Ein vil også undersøkje moglegheiter for gjenbruk av salt i andre industriar og om nye felles sirkulære verdikjeder kan etablerast i samarbeid mellom aktørane. Prosjektet skal gi grunnlag for felles løysing for reinsing av salt/saltlake for resirkulering i regionen og etablere grunnlag for nye verdikjeder og marknadsmoglegheiter.

Tilskotet er finansiert frå Skaparkraft-programmet, som er fylkeskommunen sitt tiårige program for å styrke eksportnæringane og stimulere til utvikling av nye næringar. Satsinga er eit regionalt samarbeid mellom offentlege aktørar, næringslivet og verkemiddelapparatet i Møre og Romsdal. Tilskotet er avgrensa til maks 50 prosent av godkjent kostnadsoverslag, og er gitt på vilkår av fullfinansiering.

Møteinnkalling, saksframlegg og møteprotokoll frå kompetanse- og næringsutvalet måndag 11. november