Lyser ut kontrakt for oppgradering av Dryna ferjekai

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser no ut kontrakt for oppgraderingsarbeid på Dryna ferjekai.  

bildeSlettet
Dette elementet finnes ikke lengre og vil heller ikke vises på nettsiden.

Det skal gjerast tiltak på begge kaiene i sambandet Brattvåg - Dryna, og kontrakt for arbeidet på Dryna blei lyst ut fredag 11. april. 

 - På Dryna ferjekai er det planlagd å bytte brubås og heisetårn, i tillegg til ein del andre oppgraderingar.  

Dette fortel Hans Rune Paulsen, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Som del av prosjektet blir det også gjort tilpassingar på landarealet.  

Bind saman Romsdal og Sunnmøre

Sambandet Brattvåg - Dryna er ei av ferdselsårene mellom Romsdal og Sunnmøre, og har ein gjennomsnittleg trafikk på 180 køyretøy i døgnet. Det er eit viktig samband for pendlarar til skole, arbeid og industri.

 - Dei nye ferjekaiene må vere tilpassa trafikkmengde og fartøy som er forventa å bli satt inn på sambandet  frå 2029, seier Paulsen.  
 - No satsar vi på å få inn gode anbod, og gjer oss klare til å starte arbeidet på Dryna.

Tilbodsfristen er 23. mai og  planlagd oppstart hausten 2025. Arbeidet på Brattvåg ferjekai vil bli lyst ut seinare.