Sørsundbrua er ei 400 meter lang bru som kryssar Sørsundet, som er seglingslei inn til Kristiansund hamn. Brua ligg sentralt i Kristiansund ved at den knyt øya Innlandet med Kirkelandet. Brua ligg på fylkesveg 6242 og har ein årleg døgntrafikk (ÅDT) på 2744 køyretøy. Det er ingen moglege omkøyringar.
Sørsundbrua i Kristiansund har behov for oppgradering
Møre og Romsdal fylkeskommune
Brua stod ferdig til opning i 1963 og var ei av dei første Fritt Frambygg-bruene (FFB-bru) i Norge. Dette er bruer som blir bygde utan at det er naudsynt å stø forskalinga for sjølve bruspennet opp med stillas. Hovudspennet på brua er 100 meter, og er fundamentert direkte på berg i alle aksar.
Skal forsterkast
Kontrakten som er lyst ut går ut på å forsterke FFB-tårn og tårnfundament for å tole større skipspåkøyringar og høgare vindlaster, ved å utvide fundament, samt forankring med bergboltar og oppspente bergankre. Tårna har ei høgde på om lag 41 og 53 meter inkludert fundament. Jobben vil innehalde mykje undersjøisk arbeid.
Seglingsleia er stengd for båtar over 24 meter fram til forsterkningsarbeida er ferdige, i tråd med lokal forskrift frå kystverket.
Tilbodsfristen er 28.mars og planlagd oppstart mai/juni 2025.