Mangedobling i karriererettleiing av flyktningar og innvandrarar

Med dei store flyktningbølgene dei siste åra, har etterspurnaden etter karriererettleiing auka kraftig.

To menn og ei kvinne i ein stor konferansesal - Klikk for stort bileteSilje Sandvik frå flyktningtenesta i Molde kommune og Andrii Shcherbakov delte erfaringar med karriererettleiinga, i lag med Ziad Jarboa Alahmad. Møre og Romsdal fylkeskommune.

I 2021 gjennomførte fylkeskommunen rundt 100 rettleiingar til flyktningar i kommunane. Året etter vart det gjennomført 443 rettleiingar, og i  2023 var talet 488, i tillegg til 37 grupperettleiingar for 325 ukrainarar. 

-  Ei slik auke krev ei ny organisering og auka samarbeid med kommunane, seier Hilde Meringdal, som er koordinator for Karriere Møre og Romsdal i fylkeskommunen.

For å styrke karriererettleiinga og samarbeidet om den, inviterte fylkeskommunen og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse til fylkessamling. 12. og 13. mars møtte nær 70 tilsette i flyktningtenesta i kommunane til samling i Molde. Den raude tråden var gode grep for å styrke rettleiinga og erfaringsutveksling.

-  Å få flyktningar klare til ein jobb på den nye heimplassen sin, er først og framst kommunane sitt ansvar gjennom introduksjonsprogrammet. Men når det gjeld karriererettleiing, er dette ei samspel mellom begge partar. Vi tilbyr rettleiingstimar, medan kommunane følger opp i før og etter. Med den store innvandringsauken, må vi bli enda betre til å samarbeide, seier Hilde Meringdal, rådgivar i fylkeskommunen.

Veksla erfaringar

Vegard Flø frå Karriere Møre og Romsdal formidla korleis fylkeskommunen arbeider og kva forventningar dei har til korleis kommunane kan førebu rettleiingane og følgje opp i etterkant. 

Silje Sandvik frå flyktningtenesta i Molde kommune delte kva erfaringar dei og flyktningane har med karriererettleiinga. Tilbakemeldingane er jamt over positive, men dei har også erfart at målsettingane  ikkje alltid er realistiske, at rettleiinga for nokon kom for tidleg i løpet og at den av og til ‘låste’ den som er blitt rettleia i eit fast spor.

Ukrainske Andrii Shcherbakov er blant dei som fekk grupperettleiing i november. På samlinga ga han tilbakemelding på korleis han erfarte tenesta.

- Eg syns det var ganske interessant, og det fekk meg til å forstå kva som blir lagt mest vekt på. Det er ikkje mogleg å dekke alle nyansane sjølv, så informasjonen eg fekk har blitt ei god plattform for vidare utvikling.

Han kunne ønskt seg meir informasjon om spesifikke arbeidsområde og ikkje minst meir informasjon om kva som er behova i arbeidsmarknaden.

Rapport avdekte manglar

Bakgrunnen for fylkessamlinga er ein FAFO-rapport som avdekte nokre utfordringar i karriererettleiinga mot innvandrarar. For å løyse desse, tok direktoratet initiativ til fylkessamlingar for å frå fram kva grep som kan gi endå betre teneste.

-  Målet vårt er at kommunar og fylkeskommunar skal dele forventningar, erfaringar og informasjon slik at karriererettleiingane blir endå meir skreddarsydde, og slik at innvandrarane og flyktningane kan ta informative val og auke sjansen for få varig tilknyting til arbeidslivet, seier Marie Refseth Bjerke i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse til fylkessamling.

 

Du kan lese meir om Karriere Møre og Romsdal på denne sida.