Dette er eit tilbod for alle som ønsker å ta fag utan å vere elev ved ein vidaregåande skole.
Privatisteksamen passar for deg som:
- har avslutta vidaregåande, men manglar eitt eller fleire fag
- vil ta opp fag for å betre karakterane dine
- ønsker å dokumentere kompetanse i fag du ikkje har formell opplæring i.
Du melder deg opp via privatistportalen, og det er viktig å gjere det innan fristen. Du må også betale eksamensavgifta for at oppmeldinga skal vere gyldig.
Privatisteksamen blir halde på åtte vidaregåande skolar i Møre og Romsdal. Når du søker opp faget, vil du sjå kva skolar du kan velje mellom.
Læreplan og kompetansemål
Som privatist er du sjølv ansvarleg for å skaffe deg lærestoff og å førebu deg til eksamen. Det er læreplanen i faget med tilhøyrande kompetansemål som bestemmer kva du skal lese på. Dette er uavhengig av kva litteratur du bruker.
Fristar for å melde seg opp til eksamen:
- For våreksamen: frå og med 15. januar til og med 1. februar
- For hausteksamen: frå og med 1. september til og med 15. september.
På nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune finn du all informasjon du treng om oppmelding, eksamensdatoar og førebuingar.