Ny rundkjøring i Holamyra
Knut Roald Ugelstad
Malmefjorden har fått ei trearma rundkøyring som omfattar den gjennomgåande fylkesvegen, og avkøyring til Holamyra næringsområde.
Opningsmarkering
Torsdag 15. mai kl. 11.00 inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune til offisiell opning. Solgunn Langlo har vore prosjektleiar, og fortel at fylkeskommunen er glade for å kunne bidra til ein tryggare kvardag for alle som ferdast langs fylkesvegen.
Rundkøyringa har vore etterlengta i lang tid. Vi markerer opninga med bollar, brus og kaffe ved Kiwi, seier ho.
Ordførar i Hustadvika kommune, Nils Christian Harnes, vil stå for den offisielle snorklippinga under arrangementet. Til stades blir også Torgeir Dahl frå samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, saman med representantar frå fylkesvegavdelinga.
Det er stor trafikk i området, og etablering av rundkøyring har gitt betre trafikkflyt. Det er også etablert nye gangvegar for å betre tryggleiken til gåande og syklande. Odd Småge AS har vore entreprenør på prosjektet som no får si offisielle opning.