No er Campus Kristiansund tatt i bruk. I neste veke blir det opningsmarkeringar.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Først ut er den offentlege tannhelsetenesta som har opna ny kompetansetannklinikk i femte etasje i Campusbygget. Klinikken har tatt i mot pasientar sidan veke 43, men tysdag 5. november skal opninga markerast på skikkeleg vis, med snorklipping og helsing frå fylkesordføraren.
Det blir også omsyning på den 1153 m2 store klinikken, i dei lyse og luftige romma med nytt og moderne utstyr.
Feirar fagskolen og fagmiljøa
Torsdag 7. november er det duka for offisiell opning av Fagskolen Møre og Romsdal og markering av fylkeskommunen sine nye kontor for fag- og stabsavdelingane. Det skal skje i auditoriet, med helsingar, opningstalar og underhaldning. Det blir omsyning, meir program og matservering i 4. og 5. etasje.
Sjå også program for heile opningsveka der aktørarane på Campus Kristiansund inviterer og byr på aktivitetar for publikum.
Du kan lese meir om Campusivalen og Campuskonferansen på denne lenka.