Den 1156 m2 store kompetanseklinikken ligg fint plassert i femte etasje av Campus Kristiansund, med utsikt mot Vågen, og har allereie tatt imot kristiansundarar med tannpine og tannstein. I går markerte den offentlege tannhelsetenesta opninga av klinikken på formelt vis.
Klinikkleiar Ingri Valle er glad for at den nye klinikken har langt større behandlingskapasitet enn den gamle, og er trygg på klinikken blir tatt godt i mot.
- Alt er oppgradert og nytt, og meir tilrettelagt. Vi ser allereie no at den at den toppmoderne klinikken blir tatt godt i mot blant pasientane, seier Valle, som har behandla pasientar på Campus sidan 21. oktober.
Spesialiserte tilbod
Kristiansund blir den tredje kompetanseklinikken i fylket, i tillegg til klinikken i Ålesund og Molde. Som kompetanseklinikk ligg det til rette for meir spesialiserte tilbod og tilleggsfunksjonar, og meir spisskompetanse enn på distriktsklinikkane. Og det er viktig ikkje minst med tanke på rekruttering, sa fylkestannlege Tone Nord i opningstalen sin:
- Målet er å tilby gode tannhelsetenester, i trygge rammer og tilgjengeleg for alle. No gler vi oss til å gi eit godt tilbod til befolkninga, utvikle tenesta og få sterkare rekrutteringskraft. Vi er stolte av denne toppmoderne klinikken i dette flotte bygget, sa fylkestannlegen Nord.
Med gjestar frå Kristiansund kommune, driftsselskapet, utbyggarar, leverandørar og samarbeidspartar ønskte fylkesordførar Anders Riise velkommen til kompetanseklinikken.
Overtannlegen på Nordmøre, Sara Rutley, klippa snora med ei sterilisert kirurgisk saks, og dermed var det klart for omvising i pastellfarga rom med flunkande nytt og funksjonelt utstyr.
Kirurgi
I tillegg til 15 ordinære behandlingsrom, har klinikken også eit kirurgirom med moglegheit for lystgass- og narkose-behandling, laboratorierom, samtalerom og beredskapssone. Romma er universelt utforma, og kvar behandlingsstol har også røntgenfotografering.
Dette er Kompetanseregionar og kompetanseklinikkar
Fylket er delt inn i fire kompetanseregionar (Kristiansund, Molde, Ålesund og Søre Sunnmøre), og planen er å etablere ein kompetansetung sentralklinikk i kvar region. Kompetanseklinikkane skal sikre regionen stabilitet og beredskap også i periodar med vakansar på dei mindre klinikkane. Kompetanseklinikkane er også viktig for å sikre gode fagmiljø og utviklande arbeidsplassar.
Kompetanseklinikkane i Ålesund, Molde og Kristiansund kompetanseregion er etablert. Kompetanseklinikk i Søre Sunnmøre kompetanseregion ligg litt fram i tid.
Les meir om Kristiansund kompetanseklinikk.