Markerte reinhaldarane sin dag

Fylkeskommunen feira reinhaldarane med kake, kompetansepåfyll og kick off.

Den 4. desember markerte fylkeskommunen reinhaldarane sin dag med over nær 90 reinhaldarar frå heile fylket, på hotell Aleksandra i Molde.

Avdelingssjef for bygg- og eigedomsdrift, Anne Bente Klokk Svendsvik, var tydeleg:

- Reinhald er det første vedlikehaldet og svært viktig for bygga våre.

No er ho glad for at alle reinhaldarane frå nyttår får ny organisering, og blir ein del av fylkeskommunen sine bygg -og eigedomstenester, og delt opp i fire regionar.

- Det vil styrke både fagmiljøet og gi ei meir heilskapeleg eigedomsforvaltning, seier ho.

Møtte kollegaer

Sølvi Ness, ein av fire reinhaldar på Sunndal vgs, sette pris på å møte kollegaer frå andre plassar i fylket.

- Det å møte andre med den same jobben, dele erfaringar og lære av kvarandre, er veldig kjekt, sa ho.

Vi gratulerer alle reinhaldarar med dagen!