Meir enn 1.100 år gamal branngrav avdekt i Sula

Arbeid med ein planlagd tilkomstveg til ei ny kloakkpumpestasjon på Eikrem i Sula kommune førte i fjor til eit spennande møte med fortida.

Utgraving. - Klikk for stort bileteHer er branngrava som vart funnen i Sula. Universitetet i Bergen

Under ei arkeologisk registrering fann Møre og Romsdal fylkeskommune spor etter ei branngrav frå vikingtid, truleg over 1.100 år gammal.

Nesten tilfeldig funn

Registreringa, gjennomført av arkeolog Aaron Johnston våren 2025, avslørte først spor etter eldre dyrking nær ytterkanten av terrassen mot sjøen. Der, nesten tilfeldig, sneia sjakta så vidt borti ei lita stein- og kolkonsentrasjon, om lag 80 centimeter under bakken. I massane låg brente beinfragment, fleire jarnnaglar og det som kunne vere menneskelege bein – klare indikasjonar på ei grav.

Røntgenbilde av sverd. - Klikk for stort bileteRøntgenbilde av sverd. Unmiversitetet i Bergen

Faren for vidare nedbryting og for at grava kunne rase ut over skråninga, gjorde ei hurtig utgraving nødvendig. Universitetsmuseet i Bergen gjennomførte arbeidet hausten 2025. Der kom det fram eit rikt sett med gjenstandar, som saman med C14-datering stadfestar at grava stammar frå perioden 772–893 e.Kr.

Vart brende ein annan stad

Grava bestod av eit 1,2 x 1,5 meter stort felt med brent materiale. Gjenstandane låg utan tydeleg mønster, noko som tyder på at både lik og gravgåver vart brende ein annan stad og sidan samla og gravlagde på Eikrem. Mellom funna var sverd i fragment, øksehovud, sigdspiss og ein stor mengd jarnnaglar – truleg frå ein båt eller ei kiste. Beinmaterialet omfattar restar frå ein ung vaksen person, samt hund, storfe og sau/geit.

Symboltung lokasjon

Plasseringa av grava, heilt ute på terrassekanten med vid utsikt mot Hjørundfjorden og Sulafjorden, vitnar om ein strategisk og symboltung lokasjon. Her har den gravlagde lege gjennom meir enn tusen år – på same stad som vitne til sjøvegen der Håkon Jarl seint på 900-talet sigra over jomsvikingane i Hjørungavåg.

Landskapsbilde. - Klikk for stort bileteUtsikt frå funnstaden; Hjørundfjorden og Sulafjorden. Aaron Johnsten

Det nye funnet utgjer eit viktig bidrag til kunnskapen om busetnad og aktivitet i Sula i vikingtid, der få fornminne tidlegare har vore kjende.