Mellomalderruinar i fokus under seminar på Runde Miljøsenter

Steinkyrkjeruinane i Ulstein og Herøy står i sentrum når fagmiljø inviterer til ruinseminar onsdag.

Dronebilde av landskap. - Klikk for stort bileteUlstein gamle kyrkjestad. Aaron Johnston

Tysdag og onsdag 2.–3. juni blir det arrangert ruinseminar om steinkyrkjene på Søre Sunnmøre. Programmet omfattar omvisingar i Ulstein og Herøy tysdag, og foredrag på Runde Miljøsenter onsdag. Onsdag er arrangementet ope for publikum, sjå program på mrfylke.no.

– Overordna handlar dette om to mellomalderruinar på to sentrale stader på Søre Sunnmøre, seier Arve Eiken Nytun, arkeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune.

I Ulstein er det mellom anna funne forhistoriske gravminne utanfor kyrkjegardsmuren, medan Herøy kyrkjeplass og Herøy gard peikar seg ut som eit viktig makt- og kyrkjesenter i mellomalderen. Her vart det bygd steinkyrkje i ei tid då dei fleste kyrkjer elles var stavkyrkjer.

Seminaret tar opp sentrale spørsmål om kvifor ein valde stein framfor tre, kva ressursar som låg bak kyrkjebygginga, og kvar marmoren i kyrkjene kjem frå. Gjennom både omvisingar og foredrag blir ruinane sette inn i ein større historisk samanheng, der kyrkjestadene blir forstått som knutepunkt i landskap, makt og sjøvegar.

Dronebilde av landskap. - Klikk for stort bileteHerøy gard. Aaron Johnston