Miljøprisen 2024 går til friluftsråda i Møre og Romsdal

Kompetanse- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune tildelte måndag 11. november Miljøprisen 2024 til Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre friluftsråd. Dei får prisen i fellesskap for sitt mangeårige arbeid mot marin forsøpling.

Leiar for kompetanse- og næringsutvalet, Geir Stenseth, grunngir tildelinga slik: 
- Friluftsråda i Møre og Romsdal si mobilisering over fleire år når det gjeld rydding av marint avfall er av stor betydning for regionen og miljøet. Dei skapar eit sterkt engasjement i befolkninga og ei bevisstheit for å halde kystsona fri for plast, noko som gjer dei til verkeleg fortente vinnarar av miljøprisen.

Breitt engasjement over tid

Friluftsråda har gjennom fleire år drive eit omfattande arbeid for å halde kystsona rein. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal har utvikla konseptet "StikkUT! og plukk!", medan Sunnmøre friluftsråd har leia omfattande ryddeaksjonar i Grytafjorden. Dette er berre to eksempel på det breie engasjementet som har ført til at dei no får prisen i fellesskap.

Sentrale miljøtiltak i regionen

Saman koordinerer dei to friluftsråda fleire viktige miljøtiltak:

  • Nettverk Marin forsøpling Møre og Romsdal, etablert i 2019 som møteplass for frivillige strandryddarar
  • Skjærgårdstjenesten i Møre og Romsdal, der Sunnmøre Friluftsråd står for den daglege drifta og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal leiar driftsstyret
  • Årlege strandryddeaksjonar som mobiliserer hundrevis av frivillige

Store mengder avfall blir fjerna

Den omfattande ryddedugnaden som friluftsråda koordinerer resulterer i mange tonn oppsamla marint avfall kvart år. Gjennom dette arbeidet har dei vist eit særleg fortenestefullt engasjement i kampen mot plastforureining langs kysten.

Om miljøprisen

Møre og Romsdal fylke sin miljøpris delast årleg ut til ein organisasjon, enkeltperson eller bedrift som kan vise til eit særleg fortenestefullt arbeid innafor bevaring av natur og miljø, og berekraftig utvikling. Prisen består av ein diplom, eit kunstverk utforma av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15 000 kroner. Fylkesordføraren deler ut prisen på fylkestinget i desember.

Tidlegare vinnarar av miljøprisen

Tidlegare vinnarar av miljøprisen
ÅrNamnKommune
2024Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre friluftsrådAlle
2023Hogstein AgroGiske
2022Nordic WildfishGiske
2021Gomalandet SFOKristiansund
2020Vartdal Plast ASØrsta
2019Ulrik Sandøy SørensenKristiansund
2018SødahlhusetRauma
2017Plastfritt GiskeGiske
2016Smøla Klekkeri og Settefisk ASSmøla
2015Stranda Prolog ASAverøy
2014Naturvernforbundet Møre og RomsdalTingvoll
2013Standal knuseverk ASØrsta
2012Alv Ottar FolkestadVolda
2011NORSØKTingvoll
2010Olav ByeTingvoll
2009Runde MiljøsenterHerøy


Møteinnkalling, saksframlegg og møteprotokoll frå kompetanse- og næringsutvalet måndag 11. november