Miljøprisen 2025 til Mona Hegglund og Plastjegerne

Mona Hegglund, dagleg leiar i Plastjegerne AS, er tildelt Miljøprisen 2025. Prisen går til både Hegglund og verksemda ho leiar, for deira målretta arbeid med å fjerne plast og marint avfall frå skjergarden rundt Smøla og Nordmøre.

Kvinne med årar. - Klikk for stort bilete Plastjegerne AS

Det var kompetanse- og næringsutvalet i Møre og Romsdal som måndag vedtok einstemmig å dele ut prisen til Hegglund og Plastjegerne.

– Mona Hegglund har gjort ein formidabel innsats for å rydde opp i plastforsøpling langs kysten med målretta arbeid, engasjement og samarbeid, seier Geir Stenseth, leiar i kompetanse- og næringsutvalet. – Gjennom Plastjegerne har Hegglund vist korleis ein kan kombinere entreprenørskap med miljøengasjement, og ho har vore ein inspirasjon for frivillige, skular og lokalsamfunn. Ho er eit godt døme til etterfølging for andre, og eit forbilde for alle som vil bidra til eit reinare og meir berekraftig kystmiljø. Miljøprisen 2025 går til ein person og ei verksemd som verkeleg har teke ansvar for naturen vår og som viser at handling nytter, seier Geir Stenseth, leiar i kompetanse- og næringsutvalet.

Rydder langs kysten

Plastjegerne AS er ei lokal verksemd med fleire tilsette og båtar, og samarbeider med skular, organisasjonar og enkeltpersonar. Gjennom programmet «Rydd i tide» ryddar dei sårbare og prioriterte område langs kysten. I tillegg driv Hegglund Eco Camp Norway, som også har fokus på berekraft.

Utvalet meiner innsatsen frå Hegglund og Plastjegerne er eit godt døme på korleis lokal handling kan ha stor betydning for naturmiljøet. Smøla er ein hotspot for plastforsøpling, og arbeidet deira har både lokal og nasjonal verdi.

Blir delt ut i fylkestinget

Miljøprisen blir delt ut av fylkesordføraren under fylkestinget i desember. Prisen består av diplom, eit kunstverk frå ein lokal kunstnar og 15.000 kroner.

Båt i fjøra. - Klikk for stort bileteGjennom programmet «Rydd i tide» ryddar Plastjegerne AS sårbare og prioriterte område langs kysten. Plastjegerne AS

Tidlegare vinnarar av Miljøprisen i Møre og Romsdal er:

2024: Friluftsråda i Møre og Romsdal

2023: Hogstein Agro

2022: Nordic Wildfish

2021: Gomalandet SFO

2020: Vartdal Plast AS

2019: Ulrik Sandøy Sørensen

2018: Sødahlhuset

2017: Plastfritt Giske

2016: Smøla Klekkeri og Settefisk AS

2015: Stranda Prolog AS

2014: Naturvernforbundet Møre og Romsdal

2013: Standal knuseverk AS

2012: Alv Ottar Folkestad

2011: NORSØK

2010: Olav Bye

2009: Runde Miljøsenter