Miljøprisvinnaren: – Dette vil bety mykje for mange bønder

Gardbrukar Odd Christian Stenerud frå Giske vart måndag tildelt Miljøprisen 2023. Det skjedde under opninga av fylkestinget i Molde.

Bilde frå utdeling av miljøprisen 2023 - Klikk for stort bileteUtdeling av miljøprisen for 2023. Frå venstre leiar av kompetanse- og næringsutvalet Geir Stenseth, prisvinnar Odd Christian Stenerud i Hogstein Agro, Olav Martin Synes Norsk Landbruksrådgiving, Iver lande Kvalsvik, Epax og fylkesordfører Anders Riise. Per-Kristian Bratteng

Stenerud og hans verksemd Hogstein Agro får prisen for å ha utvikla eit produkt som er basert på avfall frå fiskerinæringa, og som reduserer behovet for kunstgjødsel i landbruket.

– Eg trur dette vil bety mykje for mange bønder når dei oppdagar både moglegheita til å spare 40 prosent av kostnadane, og at klimaavtrykket blir redusert med 80 prosent, seier Odd Christian Stenerud i videointervjuet.

Leiaren av kompetanse- og næringsutvalet, Geir Stenseth, sa under prisutdelinga at årets vinnar av prisen gir det historiske omgrepet fiskarbonden eit nytt og spennande liv, med satsing på utnytting av restråstoff frå lokal marin oljeproduksjon. 

- Dette er ei lovande produktutvikling og ei miljøsatsing der fiskerinæringa og landbruksnæringa samvirker med lokale aktørar for utnytting av restråstoff til gjødsel for landbruket, sa Stenseth.