– Gode skolebibliotek er blant dei mest treffsikre tiltaka for å styrke lesing hos barn og unge, seier Mona Iren Auganæs, fylkesbiblioteksjef i Møre og Romsdal.
Vil snu nedgangen i leseferdigheiter
Frå 2018 til 2024 fekk kommunane i Møre og Romsdal berre 200 000 kroner totalt. I same periode fekk Vestland 16,5 millionar kroner og Rogaland 19,6 millionar kroner. Fjorårets 6,5 millionar kroner var altså eit kraftig løft.
Auganæs meiner samarbeidet mellom dei tre fylka om blant anna ei felles konferanse har vore utslagsgivande for at større deler av potten no har funne vegen til Møre og Romsdal.
– Vi har samla skolar, bibliotek og kommunar for å dele erfaringar og bygge kompetanse. Det ser ut til å gi direkte utslag i fleire og betre søknader, seier ho og oppmoder kommunane til å søke om midlar innan fristen 17. mars. Støtta er viktig for å kunne sette i gang fleire tiltak som kan bidra til å auke leseferdigheitene blant barn og unge.
Lyset er slått på i biblioteka
Giske kommune fekk i fjor støtte til prosjektet «Skolebibliotek: Er det så viktig da?». Midlane har gjort det mogleg å følge opp hovudmålet i skolebibliotekplanen.
Giske kommune
Giske kommune var blant dei som fekk støtte i fjor, og prosjektet «Skolebibliotek: Er det så viktig da?» vart løfta fram på den felles digitale konferansen i slutten av januar. Kommunalsjef for oppvekst, Åse Elisabeth Skjærseth, seier midlane har gjort det mogleg å følge opp hovudmålet i skolebibliotekplanen, «Eit likeverdig bibliotektilbod på kvar skule, der elevane opplever at bøker er lett tilgjengelege, inspirerande og bidreg til auka leseglede og leselyst.»
– Lyset er slått på i biblioteka. Tidlegare var det flaks eller uflaks om elevane hadde tilgang. No har dei eit stabilt og likeverdig tilbod, seier ho. Også Ålesund, Kristiansund og Tingvoll fekk midlar. Totalt vart 54,2 millionar kroner fordelt nasjonalt i 2025.
Kommunane bør søke
– Ei dobling frå i fjor til i år i den nasjonale potten til biblioteka, er ei gylden moglegheit for biblioteka i Møre og Romsdal til å kunne gi eit enda betre tilbod til innbyggarane, meiner fylkesbiblioteksjef Auganæs.
– Gode skolebibliotek er blant dei mest treffsikre tiltaka for å styrke lesing hos barn og unge, seier Mona Iren Auganæs, fylkesbiblioteksjef i Møre og Romsdal.
Randi Tveit Solheim, Herøy folkebibliotek
Regjeringa si leselyststrategi «Sammen om lesing» legg vekt på samarbeid mellom kultur og utdanning og på å styrke skolebiblioteka som læringsarena. Auganæs meiner erfaringane frå dei tre fylka viser at dette arbeidet allereie er godt i gang.
– Vi håpar å sjå namnet på mange av kommunane i fylket vårt på lista over tildelingar i år, avsluttar ho.