Molde vgs-elevar vann Energioppdraget 2025

Gratulerer til Molde vgs-elevane Sara Rød Jørgensen, Sofie Nygaard Reite og Henrik Hole frå Geofag 2 og Mari Tjelde Vaagen, Martine Bruseth og Amalie Gjelsvik Bakken i naturfag 3IL. I konkurranse med elevar frå 45 andre skular over heile Noreg tok dei førsteplassen i den nasjonale konkurransen Energioppdraget.

Elevar og lærarar, som vann Energioppdraget. - Klikk for stort bileteVinnarane og faglærarane samla utanfor Molde vgs. Anne Midtsæter, Molde vgs

Energioppdraget er ein landsdekkande konkurranse i regi av Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo. Deltakarane fekk ei felles oppgåve om energiøkonomisering. Elevane frå Molde vgs løyste ho ved å peike på moglegheiter for å bruke spillvarme frå gassanlegget på Nyhamna inn i oppdrettsnæringa. 

– Spillvarmen går i dag rett ut i havet, medan det samstundes er stort behov for energi i fleire næringar i regionen. Det har vore verdifullt å jobbe med ei oppgåve som kan få reelle konsekvensar i framtida, seier Henrik og Sara frå Geofag 2. 

Samarbeid med lokalt næringsliv 

Faglærarane Vibeke Reistadbakk og Helene Reite har følgt elevane gjennom prosessen, som starta med eit samarbeid med SINTEF og iKuben i Molde. Desse sette elevane inn i energisituasjonen i Møre og Romsdal og utfordringar der. Andre lokale samarbeidspartnarar for elevane har vore bedriftene Doxacom og Salmon Evolution. Elevane har måtta lese seg opp på forsking og informasjon om kva som allereie er utgreidd av moglegheiter for bruk av spillvarme. Nokre av elevane besøkte Salmon Evolution på Harøya og gjorde ei feltundersøking på mogleg tap av artar ved vidare utbygging og naturinngrep i området. 

Å satse på ei slik bruk av spillvarmen vil bli kostnadskrevjande, men elevane argumenterte for at det på sikt vil bli endå meir kostnadskrevjande å ikkje satse på dette. 

– Det er spennande å sjå korleis to såpass ulike faggrupper kan jobbe med ei felles caseoppgåve og finne sine ulike vinklingar på ho, seier faglærar Helene Reite. 

– Elevane har vore ganske sjølvstyrte i arbeidet, dei har vore flinke til å utforske og argumentere godt for løysingane sine, seier faglærar Vibeke Reistadbakk. 

Vann fordi... 

Til hausten er elevane inviterte som gjester til Energikonferansen i Oslo, som ein del av premien. 

Juryen si grunngjeving for at Molde vgs-elevane vann er denne: 

Juryen har gått gjennom innsendte løsningsforslag, og Molde videregående skole med løsningsforslaget om bruk av spillvarme fra Nyhamna gikk av med seieren dette skoleåret. Gratulerer! 

Juryen har følgende begrunnelse: Juryen mener at dere har satt dere svært godt inn i energiforbruket lokalt og levert en grundig utredning knyttet til spillvarme fra Nyhamna, både knyttet til miljøpåvirkning og potensiale for energiutnyttelse. Dere presenterer løsningen gjennom en innholdsrik film og argumenterer godt med faglige forklaringer og utregninger som er enkle å følge. Innholdet i filmen er godt strukturert og viser tilleggsinformasjon, som f.eks forsøk, der det er naturlig.