Moldova-ungdommar besøkte Molde

EU-prosjekt skal styrke ungdomsdemokratiet.

Denne veka besøkte tolv ungdommar og to leiarar frå Balti i Moldova Romsdal og jamaldrande romsdalingar. I oktober blir det gjensyn, når tolv ungdomar frå fylket tar turen til Moldova. 

Ei gruppe ungdommar som står i ei klynge og ser mot kameraet. Foto - Klikk for stort biletePå besøk frå Moldova

Utvekslinga er ein del av EU-prosjektet «Engaging youths for democracy" og finansiert gjennom midlar fylkeskommune har fått tilsagn på fra Erasmus+ ungdom.
– Målet med prosjektet er å inspirere og lære av kvarandre. Ungdomane lærer metodar for medverknad og korleis dei kan bruke stemma si og nå fram, fortel Åse Stenerud, som er UNG-koordinator i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

I fem dagar bur ungdomane (15-19 år) i lag og lærer om kvarandre sin kultur og språk. På denne måten blir dei godt kjent, men også betre kjent med seg sjølve og eigen kultur. 

Ungdommane har blant anna treft unge politikarar, som Jens Aklestad og Joakim Myklebost Tangen, og Ingrid Botslangen Franzen, som jobbar med ungdomsmedverknad i idretten. Tema var engasjement og medverknad. I tillegg har dei besøkt Molde videregåande, møtt representantar frå elevrådet og elevorganisasjonen og vore på RiBB-tur. 

Ungdomane frå Moldova jobbar på eit ungdomssenter som frivillige, der dei organiserer seg sjølv, har aktivitetar og jobbar for at ungdommen blir lytta til.
Ungdomane frå Møre og Romsdal har deltatt på Ungdommens fylkesting eller i Ungdomspanelet, som er ungdommen sitt talerøyr i fylket.