Mona Hegglund og Plastjegerne fekk miljøprisen i fylkestinget

Tysdag fekk Mona Hegglund og Plastjegerne utdelt Miljøprisen 2025 under fylkestinget i Møre og Romsdal.

Fire personer i samband med prisutdelinga. - Klikk for stort bileteFrå venstre utvalsleiar Geir Stenseth, styremedlem Ingrid Roksvåg i Plastjegerne AS, dagleg leiar Mona Hegglund og fylksordførar Anders Riise. Per-Kristian Bratteng

– Eg er rørt! Tenk at vi har vunne ein pris, sa ho i det trampeklappen frå fylkestinget sine medlemmer slutta.

Ho fortalte til fylkestinget at dei sidan starten i 2018 har rydda i underkant av 1.000 tonn søppel: – Det er vilt å tenke på.

Men ho advarte om at trenden går i feil retning.

– Midlane og engasjementet går ned. Men tilsiget av nytt avfall er framleis enormt. Det ser vi tydeleg når vi no og driv vedlikehaldsrydding på plassar som vi har rydda før. Fleire må komme på banen og ta ansvar. Så enkelt som Blekkulf sa: Bruk hovudet, vi har berre ein klode.

Heilhjarta innsats

Det var leiar i kompetanse- og næringsutvalet, Geir Stenseth, som stod for overrekkinga av prisen. Han sa at med målretta og heilhjarta innsats har Hegglund og Plastjegerne fjerna store mengder plast og marint avfall frå skjærgarden rundt Smøla og Nordmøre.

– Det er ein pris som treff midt i hjartet av det vi som samfunn ønsker å løfte fram; konkret handling, lokalt engasjement og ekte vilje til å gjere ein forskjell, sa Geir Stenseth.

Han sa at prisen representerer langt meir enn det.

– Prisen er eit symbol på takknemlegheit frå heile fylket. Det er ei anerkjenning av eit arbeid som skjer ute av synet; i fjøra, på øyane og i buktene, der få av oss er til dagleg. Og det er eit signal om at vi som samfunn ser innsatsen deira, verdsett den og vil løfte den fram, sa Stenseth.

Prisen skal inspirere

Miljøprisen består av eit diplom, eit kunstverk frå ein lokal kunstnar og 15.000 kroner. Prisen skal inspirere til vidare arbeid for berekraft og miljøvern i Møre og Romsdal.

Tidlegare vinnarar av Miljøprisen i Møre og Romsdal er:

  • 2024: Friluftsråda i Møre og Romsdal
  • 2023: Hogstein Agro
  • 2022: Nordic Wildfish
  • 2021: Gomalandet SFO
  • 2020: Vartdal Plast AS
  • 2019: Ulrik Sandøy Sørensen
  • 2018: Sødahlhuset
  • 2017: Plastfritt Giske
  • 2016: Smøla Klekkeri og Settefisk AS
  • 2015: Stranda Prolog AS
  • 2014: Naturvernforbundet Møre og Romsdal
  • 2013: Standal knuseverk AS
  • 2012: Alv Ottar Folkestad
  • 2011: NORSØK
  • 2010: Olav Bye
  • 2009: Runde Miljøsenter

Sjå video med prisvinnarane: