Møre og Romsdal fylkeskommune blir partnar i to nasjonale forskingssenter

Regjeringa opprettar fire nasjonale forskingssenter for meir berekraftig bruk av naturen. Møre og Romsdal fylkeskommune går inn som partnar i to av dei: BlueNature – senter for berekraftig hav og natur, og INLAND – senter for berekraftig arealbruk. 

Bilde frå fjøra. - Klikk for stort bilete Kai Bedringås

Engasjementet bygger på fylkeskommunen sitt arbeid med både marin kunnskapsutvikling og berekraftig arealforvalting, og skal sikre at ny forsking blir tatt i bruk i forvaltninga på lokalt og regionalt nivå. 

I front av forsking og utvikling 

Arne Håkon Sandnes, prosjektleiar for det marine kunnskapsprogrammet, understrekar betydninga av deltakinga i BlueNature: 

– Dette er utruleg viktig for oss. Vi opplever press på bruk av sjøareala og auka miljøbelastning i fjord- og kystområda våre. No blir vi i front av marin forsking, utvikling og forvaltning seier prosjektleiar for det marine kunnskapsprogrammet i Møre og Romsdal fylkeskommune, seier Sandnes. 

Som ein del av innsatsen i BlueNature er planen å etablere eit caseområde for bevaring og restaurering av tareskog i Møre og Romsdal. Dette skal støtte opp under nasjonale mål om å ta vare på verdifull natur og ressursområde.  

Bidreg til politikkutforming 

Plansjef Ingunn Bekken Sjåholm er glad for at fylkeskommunen også blir partnar i INLAND–senteret for berekraftig arealbruk. Ho seier at senteret vil dekke viktige oppgåver som Møre og Romsdal fylkeskommune har, både som planrettleiar, planmynde, sektormynde og ikkje minst samfunnsutviklar. Med deltaking i senteret vil vi og bygge videre på, og utfylle allereie eksisterende fylkeskommunale initiativ innanfor berekraftig arealforvaltning, klima og natur.   

– Det viktigaste er at vi får tilgang til eit breitt kunnskapsmiljø som jobbar tverrfagleg med arealspørsmål. Senteret gir oss moglegheit til å vere med og legge grunnlag for ny politikkutforming, og til å utvikle verktøy som kommunane faktisk kan bruke, seier ho. 

Verktøy for betre samspel

I intensjonsbrevet peikar fylkeskommunen på at senteret vil styrke arbeidet med regional planlegging, utvikling av støtteverktøy for kommunane og betre samspel mellom arealbruk, klima og natur. 

Begge sentera legg stor vekt på samarbeid mellom forsking, forvalting og næringsliv. For Møre og Romsdal betyr dette eit breiare kunnskapsgrunnlag og betre ressursar til å balansere miljøomsyn og utvikling i fylket. 

Dei fire sentera

Dei fire sentera som blir oppretta har ulike faglege tyngdepunkt: 

  • BlueNature, senter for berekraftig forvaltning av hav og kyst 
  • Senter for berekraftig arealbruk – der forskingsmiljøet på Tingvoll også deltek gjennom NIBIO 
  • Senter for naturrestaurering 
  • Senter for naturdata og økosystemkunnskap 

Satsinga krev ikkje nye direkte utgifter for fylkeskommunen – bidraget er i form av arbeidstimar, fagkompetanse og caseområde gjennom det marine kunnskapsprogrammet. 

Forskningsrådet si satsing på natursenter er på 452 millionar kroner over åtte år, og blir finansiert av fire departement.