Møre og Romsdal fylkeskommune i sorg etter Kongens bortgang

Møre og Romsdal fylkeskommune uttrykker djup medkjensle med Den kongelege familien etter at Hans Majestet Kong Harald V har gått bort. Vi minnest ein samlande monark og takkar for den livslange tenesta hans for Noreg.

Kongen. - Klikk for stort bileteHans Majestet kong Harald V . Kongehuset.no

Det er med djup sorg vi mottok bodskapen om at Hans Majestet Kongen døydde 28. august 2026.

Møre og Romsdal fylkeskommune sender sine varmaste tankar til Den kongelege familien og dei næraste. Samstundes deler vi sorga med menneske over heile landet.

Gjennom si lange teneste for Noreg har Hans Majestet Kong Harald V vore ein samlande monark og ein viktig representant for landet vårt. Med klokskap, verdigheit og eit sterkt engasjement for menneska har han utøvd kongegjerninga på ein måte som har skapt tillit og respekt i alle delar av samfunnet.

Kongen har vore ein trygg figur gjennom ei tid prega av store endringar. Han viste nærleik til folk over heile landet og hadde ei særskild evne til å samle nasjonen i både glede og sorg.

Gjennom mange besøk i Møre og Romsdal fekk innbyggjarane oppleve ein konge som viste oppriktig interesse for menneska, lokalsamfunna og verdiskapinga i fylket. Som monark har han besøkt alle kommunane i Møre og Romsdal. Han vil bli hugsa for evna si til å møte folk med varme, interesse og respekt.

Innsatsen hans og den rolla han har spela for landet gjennom fleire tiår, vil bli ståande som ein viktig del av norsk historie.

Vi lyser fred over Kongens minne.

På vegner av Møre og Romsdal fylkeskommune

Anders Riise, fylkesordførar