Møre og Romsdal har fått sin første doktor i nordisk arkeologi

Fredag forsvarte Kristoffer Dahle doktorgraden sin på NTNU i Trondheim – med glans. Doktoravhandlinga blir omtala som det nye standardverket på seterdrift i Skandinavia. 

Fredag kulminerte eit fire år langt arbeid om tidleg seterdrift i Møre og Romsdal, då Kristoffer Dahle, arkeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune forsvarte doktorgradsavhandlinga si framfor ein fullstappa sal på NTNU i Trondheim. Dahle er dermed den første som kan kalle seg doktor innan Nordisk arkeologi, i fylket.

-    Det er ei stor glede og lette å ha kome i mål, og at avhandlinga har blitt så godt mottatt, seier Dahle.

I den skriftlege tilbakemeldinga på avhandlinga står det blant anna at verket blir den nye klassikaren på feltet, og at bruken og utviklinga av nye metodar er framtidsretta.

Tradisjon i tusen år

Gjennom dei siste åra har han reist på kryss og tvers i fylket for å undersøke korleis seterbruket har utvikla seg gjennom jarnalderen og mellomalderen. I tillegg har han samanlikna sine eigne resultat med funn frå andre delar av Skandinavia og Vesterhavsøyane  og diskuterte metodikk og forvaltningspraksis.

Eit funn er at seterdrifta i fylket kan ha oppstått for over 1000 år sidan, noko som er langt eldre enn antatt for fylket. Ved å bruke ein kombinasjon av mange metodar, DNA, pollenanalyse, insektsanalyse og jordkjemi, har han synleggjort utviklinga av seterdrifta i fylket.
-    Den lange og viktige historia til seterbruket har lenge vore underkommunisert, rett og slett fordi spora har vore for vanskelege å erkjenne for oss som arkeologar i dag. Prosjektet set dermed sterkare fokus på kvinnene i jordbruksøkonomien, og peiker på kor viktig produksjonen av smør og ost har vore for gardane langs fjordane på Vestlandet, seier Dahle.

Han meiner det er viktig å kjenne forhistoria vår og kulturarven vi fører vidare. Det gjeld ikkje minst  seterbruken som har stått så sterkt her i fylket og som no også står på UNESCO si verdsarvliste.

Åtte seterhistorier

Etter ein runde med raske kartleggingar, enda han med å studere åtte anlegg: 
-    Orsetra, Kristiansund
-    Setersetran, Sunndal
-    Myrset, Rauma
-    Sandnessetra, Molde
-    Klovset, Fjord
-    Søstølen/Indreeide, Fjord
-    Rangsetra, Volda
-    Gamlestøylen, Ørsta

Resultata er samla i åtte ulike artiklar, med ulike metodiske tilnærmingar og ei samla oppsummering på 200 sider. Du kan lese eit samandrag og heile doktoravhandlinga her.