Årets regionbyggar 2024: Berit Kalgraff og Anders Riise.
Per-Kristan Bratteng
Fredag kunne styreleiar Berit Kalgraff motta prisen Årets regionbyggar på vegner av Møre og Romsdal idrettskrets. Ho vart henta fram på scena til ståande applaus frå deltakarane på Nyttårskonferansen.
– Som styreleiar i ein så pulserande organisasjon, så er dette fantastisk stort. Det er ei utroleg stor ære å få stå her og ta imot denne prisen på vegner av heile idrettskretsen i heile fylket vårt. Dette motiverer oss til å fortsette å jobbe vidare med alt det vi held på med, sa Kalgraff, som avslutta sin takketale med å seie:
– Idretten er ein stad å høyre til – den er så mykje meir enn trening og fysisk aktivitet. Det er ein viktig del av liva våre og ei kjelde til meistring, stoltheit, samhald og glede for folk i alle aldrar, i alle kommunar og i alle små bygder i dette flotte fylket. Eg lurar av og til på kvar hadde idretten vore om det ikkje var for alle dei som engasjerer seg i idretten på alle nivå.
Berit Kalgraff.
Per-Kristian Bratteng
– Takk for prisen. Den gjer oss stolte, og den skal vere med oss vidare så vi får vere med å bygge ein sterkare region gjennom vårt bidrag med idrett og frivilligheit. Vi må fortsette å jobbe saman for å gjere idretten til ein enda større del av liva våre. Idretten kjenner ingen fogderi. Våre grenser går mellom 196 like idrettsgreiner, 465 idrettslag og 90.000 medlemmer i Møre og Romsdal, sa Kalgraff.
Statutta
Prisen Årets regionbyggar går til ein person, organisasjon, bedrift eller offentleg aktør som:
- har utmerka seg på ei enkeltsak eller over tid som ei samlande kraft i fylket, eller
- har tatt spesielt initiativ som bygger Møre og Romsdal saman
Det var fylkesordførar Anders Riise som delte ut prisen under Nyttårskonferansen, som har gått føre i Ålesund torsdag og fredag denne veka. Og han meiner Møre og Romsdal idrettskrets er ein særs verdig vinnar:
– Gjennom deira arbeid styrkast inkludering, og dei førebygg utanforskap. Dei skapar arena for barn, unge – men og vaksne. Dei bidreg til å bygge fylket saman, sa Riise mellom anna.
Grunngjevinga
Juryen for Årets regionbyggar skriv i si grunngjeving: «Møre og Romsdal idrettskrets har medlemmer i alle kommunar i heile fylket og i alle aldersgrupper, og er slik ei samlande kraft og bygger Møre og Romsdal saman med sitt arbeid. Gjennom sine prosjekt jobbar dei aktivt med at flest mogleg skal få delta i aktivitet, og gjer slikt eit viktig arbeid både for fysisk aktivitet i befolkninga, men også eit viktig folkehelsearbeid utover dette ved å skape mindre utanforskap og relasjonar på tvers av generasjonar over heile fylket.»
Ifølge idrettslretsen sine eigne nettsider er Møre og Romsdal idrettskrets eit kompetansesenter som utvikler idretten i Møre og Romsdal, og som jobbar for at alle får mogleheit til å utøve idrett ut ifrå eigne ønsker og behov.
Norges Idrettsforbund er Noregs største frivillige organisasjon og ifølge idrettskretsen har idretten i Møre og Romsdal ca. 93.000 medlemskap som til saman utfører ca. 1 500 frivillige årsverk. Dette tilsvarar ein frivillig verdiskaping på ca. 818 mill kr. per år.
Tidlegare vinnarar
Tidlegare vinnarar av prisen Årets regionbyggar:
- 2023: Årets regionbyggar 2023 vart Ungdomspanelet.
- 2022: Kristiansund og Nordmøre næringsforum, Molde næringsforum og Næringsforeningen Ålesundsregionen
- 2021: Ungt Entreprenørskap
- 2020: Stikk Ut!
Berit Kalgraff og Anders Riise.
Per-Kristian Bratteng