Møre og Romsdal løftar fram berekraftig havbruk på Aqua Nor 2025

Komande veke blir Aqua Nor 2025 arrangert i Trondheim. Møre og Romsdal er på plass med eigen fylkespaviljong og skal vise fram regionen som eit leiande og berekraftig sjømatfylke. 

Menneske i ein stor sal. - Klikk for stort bileteBildet er frå Nor-Fishing i 2024. Møre og Romsdal fylkeskommune

På messa i år deltar over 70 bedrifter frå Møre og Romsdal, der 16 av dei har stand på fylkespaviljongen.  

Næringslivet i Møre og Romsdal er sterkt knytt til marin verksemd, både når det gjeld fiskeri, havbruk og offshore. Her er sterke klynger av teknologibedrifter og sjømatprodusentar, og dette er noko som blir vist fram på Aqua Nor – ein av verdas største møteplassar for akvakulturteknologi. 

Opning tysdag 19. august

Opninga av fylkespaviljongen skjer tysdag 19. august klokka 12:30, med fylkesordførar Anders Riise som vertskap. Her blir det fagleg innleiing om framtidas havbruk, med innlegg frå ordførar Svein Roksvåg i Smøla kommune, Aina Valland frå Lerøy Seafood Group og Gjermund Kvernmo Langset frå Bauta Fishfarm. Tema som berekraftig vekst, dyrevelferd og teknologiske løysingar står sentralt.

To menn. - Klikk for stort bileteFylkesordførar Anders Riise i samtale med TV-mannen Arne Hjeltnes. Møre og Romsdal fylkeskommune

Samtidig blir det opning av sjømatbaren, der Atlanterhavsparken presenterer både meny og formidling. Publikum får smake på retter frå lokale produsentar som Hofseth, Nordic Halibut, Ode og Lerøy – alt frå røykt aure og gravlaks til torsk med tindved og eple.

Faglege seminar

Gjennom heile veka blir det faglege seminar og presentasjonar i regi av aktørar som GCE Blue Maritime Cluster, NCE Blue Legasea, Zewo, Westing, Plany, Traingel Business Solution og Susteni. Tema spenner frå framtidas havbruksfartøy og eigarskap til havet, til hygieneløysingar, trygg vasslagring og energieffektiv drift.

Desse blir med: Bauta Fishfarms, Ulmatec Pyro, Nyborg, Polyform, Kristiansund Mekaniske AS, Triangel Business Solutions, Anda-Olsen, Premas AS, Ulstein Betongindustri AS, Ovun AS, Libra, Zewo Chemicals, Inventas, Finnøy Gir & Propeller, Plany og Fagskolen Møre og Romsdal.

Doxacom, Slyngstad Reklame og Atlanterhavsparken Akvarium og Vitensenter bideg med prosjektleiing, standbygginga og sjømatbar.

På paviljongen er også fylkesordførar Anders Riise, leiar av kompetanse- og næringsutvalet Geir Stenseth og medlem av kompetanse- og næringsutvalet Per Ivar Lied, til stades.

600 utstillarar

Aqua Nor samlar cirka 600 utstillarar og cirka 25.000 besøkande frå meir enn 80 land. Messa byr på eit omfattande fagprogram, studentdag, og prisutdelingar som heidrar innovasjon og berekraft i sjømatnæringa.