Møre og Romsdal med i EU‑prosjekt for meir robust matproduksjon

Møre og Romsdal fylkeskommune, NORSØK på Tingvoll og Gjermundnes vgs er med i EU‑prosjektet Circulandia for meir robust og berekraftig matproduksjon.

Flyfoto av Gjermundnes vgs. - Klikk for stort bileteGjermundnes vgs. Tingh/Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune har gått inn i EU‑prosjektet Circulandia saman med Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) og Gjermundnes vidaregåande skole. Prosjektet samlar 25 partnarar frå 12 europeiske land og skal bidra til meir robuste matsystem gjennom sirkulære løysingar og nye samarbeidsformer.

Regenerativt landbruk

Eit sentralt tema i Circulandia er regenerativt landbruk. Det handlar om driftsformer som bygger opp jordhelse og biologisk mangfald, reduserer klimaavtrykket og gjer matproduksjonen meir motstandsdyktig over tid. Gjennom prosjektet deler partnarane kunnskap og erfaringar på tvers av regionar og land.

Skal omsette kunnskap til praktisk arbeid

I Møre og Romsdal skal prosjektet omsette europeisk kunnskap til praktisk og regionalt retta arbeid. Gjermundnes vidaregåande skole blir ein viktig arena for utprøving og demonstrasjon av regenerative driftsformer i praksis. NORSØK bidrar med forskingsbasert kompetanse, fagleg rettleiing og metodeutvikling, medan fylkeskommunen har ei koordinerande rolle og legg til rette for samarbeid mellom landbruk, utdanning og forvaltning.

Erfaringane frå prosjektet skal komme både bønder, elevar og andre aktørar i fylket til gode.

– Spennande for skolen

Rektor Tone Syltebø ved Gjermundnes vgs seier at dette er eit veldig spennande prosjekt for skulen å vere med på.

– Elevane vil bli knytta opp mot prosjektet gjennom å prøve ut regenerative metodar i landbruket, noko som vil vere med på å gje dei oppdatert og framtidsretta kompetanse, seier Syltebø.

NORSØK: Prøver finsk modell

Også NORSØK ser stor verdi i å delta:

– Vi har forska på moldinnhald og jordhelse i mange år. No ser vi fram til å prøve ein modell for karbonstraumar i jordbruket, utvikla av meteorologisk institutt i Finland, og sjå korleis den passar med eigne observasjonar av endringar i moldinnhold over tid, seier seniorforskar Anne-Kristin Løes.

Tilgang til europeisk nettverk

For fylkeskommunen er deltakinga ein del av arbeidet med nærings- og samfunnsutvikling. Gjennom internasjonalt samarbeid får fylket tilgang til europeiske nettverk og kompetanse som kan styrke berekraft og omstilling i det regionale landbruket.

– Circulandia gir Møre og Romsdal høve til å utvikle og ta i bruk løysingar for sirkulær matproduksjon tilpassa norske forhold. NORSØK bidreg med oppdatert regional kompetanse, og gjennom Gjermundnes vgs blir kunnskapen vidareført til bøndene i fylket, seier rådgivar Ingrid Gjelsvik i Møre og Romsdal fylkeskommune.