Avdelingsdirektør Kari Aslaksen Aasly frå Norges geologiske undersøkelse orienterer KON-utvalet. I bakgrunnen: Rådgivar Thomas Finnøy frå fylkeskommunen.
Per-Kristian Bratteng
Fylkeskommunen har no fått ei oversikt over geologiske ressursar etter tre år med kartlegging. Då kompetanse- og næringsutvalet møttest på Molde vgs tysdag, oppsummerte avdelingsdirektøren i NGU resultata og funna.
Kartlegginga som har skjedd med bruk av helikopter og på bakken, viser at ressursgrunnlaget er breitt, sjølv om draumen om «gull og grøne skogar» ikkje vart innfridd. Potensialet for metallførekomstar er mindre enn håpa, men fleire industrimineralressursar peikar seg ut som både økonomisk og strategisk viktige for framtida.
Store ressursar, særleg langs kysten
NGU slår fast at pukkressursane i fylket held god kvalitet, med særleg potensial knytt til gneisbergartar og moglegheit for kystnære uttak. Dette gir eit godt utgangspunkt for vidare næringsutvikling, dersom marknadstilgangen er på plass. Også murestein, som fylket allereie har produksjon av, er vurdert som eit realistisk og berekraftig alternativ for både lokal og regional bruk, også her er det potensial for nye uttak.
Fylket har fleire sterke kort innan industrimineralar og har allereie store uttak av som olivin og kalkspatmarmor også er viktige internasjonalt. Møre og Romsdal har verdas største ressursar av olivin, og Sibelco Nordic AS si gruve ved Åheim står for cirka 50 prosent av produksjonen i verda. Kalkspatmarmor er den andre mest markante ressurstypen, og fleire av prøvene viser reine kalkspatkrystallar. Slike kvalitetar kan gi grunnlag for vidare industriell verdiskaping.
Geotermisk energi: Eit framtidspotensial
Eit av dei mest framtidsretta funna er at Møre og Romsdal kan ha potensial for djupe geotermiske energiløysingar. NGU har gjort ei vurdering av potensialet for djup geotermisk energi og meiner det kan vere mogleg å produsere kraft frå undergrunnsvarme i fylket, og vurderer dette som eit tema som bør utforskast vidare.
NGU løftar òg fram geologien som ein immateriell ressurs og eksempel for reiselivet. Landskapet i fylket gir gode høve til formidling og opplevingar, med eksempel som Atlanterhavsvegen og Smøla, og kommunane blir oppmoda om å bruke geologien og kunnskapen som NGU har gjort tilgjengeleg aktivt i næringsutvikling.