Måndag er skolestart for dei vidaregåande skolane i fylket.
Jeanette Håhjem
Måndag 17. august er det skolestart for over 9.100 elevar i vidaregåande opplæring.
– Møter du ikkje opp ved skolestart, kan plassen din gå til ein elev som står på venteliste. Dersom du er sjuk eller har ein annan gyldig grunn til å ikkje møte opp, må du gi beskjed til skolen, seier Maria Enstad, einingsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Informasjon om oppmøte, tid og stad ligg på skolen sine nettsider.
Alle søkarar med ungdomsrett i Møre og Romsdal har no fått tilbod om plass på utdanningsprogram i vidaregåande opplæring, men framleis står mange på venteliste for å få førsteønsket sitt oppfylt. Skolar som har ledige plassar tar no kontakt.
Har du ikkje fått plassen du ønsker, er det framleis håp.
– Ta telefonen når skolen tar kontakt. Får ikkje skolen svar, går dei vidare til neste elev på lista, seier Enstad.
Skolar jobbar no fortløpande med å kontakte elevar på venteliste.
Her finn du anna nyttig informasjon til skolestart.