Møte om ny ferjekai på Orten: – Viktig å lytte til dei som bur her

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterte torsdag 5. februar til informasjonsmøte på Orten om planane for ny ferjekai på staden. Både fastbuande, eigarar av fritidseigedomar og andre interesserte møtte fram for å få informasjon og stille spørsmål om det komande kaiarbeidet.

Ferje legg til kai - Klikk for stort bileteOrta ferjekai skal skiftast ut. Else Britt Ervik

Orten ferjekai står framfor ei full utskifting, då dagens anlegg er over 40 år gammalt og har omfattande slitasje. Samtlige ferjekaier i sambandet Småge–Orta–Finnøya–Sandøya–Ona skal fornyast dei komande åra.

Prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hans Rune Paulsen, orienterte om både framdrift, finansiering og kva slags løysingar som er under vurdering.

 - Vi ønskar ein god og open dialog med lokalsamfunnet. Informasjonsmøtet handlar om å lytte til dei som brukar ferjekaia kvar dag, og sørge for at vi finn løysingar som er trygge, framtidsretta og fungerer for alle, sa Paulsen.

På møtet fekk deltakarane presentert både tilstandsvurderingar og skisser til nytt kaianlegg. Fylkeskommunen la vekt på at målet er å sikre eit stabilt ferjetilbod med minst mogleg avbrot, også medan byggearbeidet pågår. I periodane ferjekaia må stengast blir det sett inn passasjerbåt.  

personer rundt bord - Klikk for stort bileteInformasjonsmøte på øya Orten i Aukra kommune. Else Britt Ervik