Møtte kommunen og næringsforeininga for å diskutere ferje- og hurtigbåttilbodet til Smøla

Måndag 18. mars møtte leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hans Olav Myklebust (FrP) og samferdselsutvalsmedlem Pål Farstad (V) Smøla kommune og Smøla Næringsforening på Gurisenteret på Smøla. 

Åtte personar ved sidan av kvarandre. Ein bygning i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteF.v.: Fylkestingspolitikar og medlem i samferdselsutvalet, Pål Farstad (V), fylkestingspolitikar og leiar av samferdselsutvalet, Hans Olav Myklebust (FrP), ordførar i Smøla kommune, Svein Roksvåg (Sp), påtroppande styreleiar i Smøla Næringsforening og innehavar av Lie Dekk og Felg, Jørgen Iversen Lie, dagleg leiar i Smøla Nærings- og kultursenter KF, Gunnlaug Kristiansen, samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jesper Wiig, avtroppande styreleiar i Smøla Næringsforening og dagleg leiar i Edøen AS, Frank Jøran Brevik og næringsrådgivar i Smøla kommune, Einar Wikan.

Tema for møtet var samferdsel, og behovet for eit robust ferje- og hurtigbåttilbod til Smøla. Både kommunen og næringsforeininga hadde innspel til forbetringar av tilbodet til dei fastbuande og til næringslivet på øya.

Også samferdselsdirektør Jesper Wiig i fylkeskommunen var med på møtet. Han informerte om ferjedrifta og korleis fylkeskommunen som oppdragsgivar jobbar med dette. Den økonomiske situasjonen som fylkeskommunen står i, var også tema for orienteringa frå samferdselsdirektøren. Fylkeskommunen har eit stort meirforbruk innanfor ferjedrifta.  

Smøla kommune og Smøla Næringsforening har mellom anna ønske om ei fortsett forbetring knytt til avviksinformasjon for ferje- og hurtigbåttilbodet. Dette er noko som også fylkeskommunen er opptatt av, og dei vil fortsette å jobbe saman med kommunen innanfor dei rammene som fylkeskommunen har til ferjedrifta.