Møtte samferdselsministeren, uttrykte forventningar til Staten

Fylkesordførar Anders Riise hadde klare forventningar til Staten då han saman med ein delegasjon frå Møre og Romsdal fylkeskommune måndag møtte samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

– Møre og Romsdal ber om at det blir løyvd 5 mrd. kroner til fylkesvegane årleg for å ta igjen vedlikehaldsetterslepet, sa Riise mellom anna, i møtet med ministeren.

Det var samferdselsministeren som hadde kalla inn Møre og Romsdal fylkeskommune til regionalt innspelsmøte til Nasjonal transportplan 2025-2036. For Møre og Romsdal møtte fylkesordførar Anders Riise, fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak, konstituert samferdselsdirektør Magne Vinje og samferdselsutvalet sin leiar Hans Olav Myklebust.

Fempunktsliste

Fylkesordføraren oppsummerte i fem punkt forventningane til den neste NTP-en:

  1. Sjå heile transportsystemet under eitt; ein må ikkje skilje på fylkes- og riksvegar, og kollektivtrafikk må sterkare inn i NTP
  2. Finansiering av vedlikehaldsetterslepet på fylkesveg
  3. Prioritering og iverksetting av statlege prosjekt i Møre og Romsdal
  4. Fullfinansiering av lovkrav innan nullutslepp på ferje og hurtigbåt
  5. Ordningar og tiltak som sikrar godsoverføring frå veg til sjø og bane

To hastesaker

I møtet med ministeren hadde han med to hastesaker: Auka løyve til vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane, og snarleg gjenopning av Dovrebanen.

– Det var ikkje auka løyvingar til vedlikehaldsetterslepet på fylkesveg i Statsbudsjettet. Vi ber konkret om at de vurderer ei auka løyving på tilskotet til fylkesvegar i samband med behandling av Statsbudsjettet i desember, sa Riise.

Møre og Romsdal fylkeskommune si eiga kartlegging viser at etterslepet er på meir enn 16 mrd. kroner, og om lag 20 mrd. kroner om ein inkluderer veglys langs fylkesveg som er eigd av andre.

Midlertidig jernbanebru

Han sa også at det hastar med å bygge ei midlertidig jernbanebru over Gudbrandsdalslågen i Ringebu.

– Årleg har godstogtransporten på Raumabanen erstatta 10.000 vogntog gjennom Romsdalen og Gudbrandsdalen. Dette godset må no over på E136/E6 og på dei mange tusen vogntoga. Dersom det skjer permanent, vil det vere alvorleg både for trafikksikkerheit, klima og miljø, sa fylkesordføraren.