Frå venstre Silje Hårberg, rådgivar Møre og Romsdal fylkeskommune, Gerd Marit Langøy, kommunedirektør i Aukra, Bengt Endreseth, seksjonsleiar Energi og grøn omstilling, Helge Kjøll jr., ordførar i Aukra og fylkesordførar Anders Riise.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Det var i februar at fylkesordførar Anders Riise bad om eit møte med Energidepartementet og Klima- og miljødepartementet for å drøfte tilrettelegging for bruk av overskotsvarme ved Gassco sitt anlegg på Nyhamna i Aukra. I førre veke reiste Aukra kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune til Oslo for å ta saka vidare med dei to departementa.
– Altfor mykje energi går tapt og renn ut i havet. Spillvarmen kan i staden nyttast til næringsutvikling, og kan kanskje også vere eit komplement til elektrisk kraft, som er ei mangelvare i Møre og Romsdal, seier fylkesordføraren.
– Kva kom ut av møtet?
– Det var eit konstruktivt møte, som drog opp nokre skilleliner og ansvar, og noko som gav oss moglegheita til å jobbe vidare med saka. Staten er eigar av anlegget gjennom Energidepartementet og Gassco, og Energidepartementet vil be om ei oppdatert kost-nyttevurdering om å kunne ta i bruk overskotsvarmen frå anlegget.
– Vi skal jobbe vidare med Miljødirektoratet for klargjering av konsesjonsvilkåra. Vi vil i samarbeid med Aukra kommune og næringslivet kartlegge moglegheitene for potensielle kundar, seier Riise.
Møre og Romsdal fylkeskommune i fleire år har arbeidd for å mogleggjere utnytting av overskotsvarmen som blir sleppt ut via kjølevatn til sjøen. Ved full drift svarar dette til over 2 TWh per år. Til samanlikning: Det samla kraftforbruket i heile Møre og Romsdal var i 2023 på 12,7 TWh, ifølge Statistisk sentralbyrå.