Mottok prisen som Årets bedrift 2024Bauta Group AS frå Tomrefjord fekk onsdag overrekt prisen som Årets bedrift 2024.Frå venstre leiar av kompetanse- og næringsutvalet, Geir Stenseth, leiar for forretningsutvikling og berekraft i Bauta, Gjermund Kvernmo Langset, HR-leiar Anita Sæheim Kjelsvik i Bauta , produksjonsleiar i Bauta Maritime og gründer John Arve Sundet. Per-Kristian Bratteng Det skjedde i Geiranger under fylkestinget onsdag.Leiar av kompetanse- og næringsutvalet, Geir Stenseth, delte ut prisen saman med fylkesordførar Anders Riise, og Stenseth sa at det var eit einstemmig utval som har valt Bauta Group AS som vinnar.– Utnemninga er vel fortent og eit bevis på deira imponerande innsats i ei årrekke og resultata dei har oppnådd, sa Stenseth.Frå Bauta Group AS stilte leiar for forretningsutvikling og berekraft, Gjermund Kvernmo Langset, HR-leiar Anita Sæheim Kjelsvik og produksjonsleiar i Bauta Maritime og gründer John Arve Sundet.Fylkesprisen er ein statuett laga av kunstnaren Ola Stavseng frå Stordal.Sjå video: Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Nyheitsartikkel frå 19.03.25: Bauta Group er årets bedrift Publisert 23.04.2025 15.28 Sist endra 23.04.2025 15.34