Mykje på spel når rurale og kystnære regionar skal sette preg på EUs neste langtidsbudsjett

I møte med politikarar frå kystregionar over heile Europa, nytta fylkesordføraren høvet til å fremje korleis Europasamarbeid kan bidra til å skape ei meir berekraftig forvalting av fjord- og havområde.

Fylkesordførar Anders Riise. - Klikk for stort bileteFylkesordførar Anders Riise snakka om «European Ocean Pact». Olav Fransson Drangeid

19.-21. november deltok Møre og Romsdal fylkeskommune på det årlege årsmøtet til Conference of Peripheral and Maritime Regions (CPMR). I år vart årsmøtet arrangert ved World Trade Center i Barcelona, Spania.

Møtet samla politiske representantar frå kystregionar over heile Europa for å diskutere både utfordringar og moglegheiter dei er saman om. I år handla det særleg om forhandlingane knytte til EUs langtidsbudsjett for perioden 2028 til 2034. Mykje står på spel for EU-regionane, som fryktar meir nasjonal og europeisk styring, og mindre rom til å verke inn på korleis regionale utviklingsmidlar blir brukt.

Representerte Møre og Romsdal

Fylkesordførar Anders Riise representerte Møre og Romsdal fylkeskommune, og bidrog mellom anna med eit framlegg om «European Ocean Pact», og korleis denne kan bli eit godt verkemiddel.

Ocean Pact må sjåast i samanheng med EUs Restoring our Ocean and Waters, eit samfunnsoppdrag fram mot 2030. Dette oppdraget tar også Noreg og norske regionar del i. Det skjer gjennom mellom anna forskings- og innovasjonsprogrammet Horisont Europa, der Møre og Romsdal fylkeskommune har søkt fleire prosjekt i 2025 for å styrke det marine kunnskapsgrunnlaget vårt.

Fylkesordføraren seier dette om framlegget:

– Eg la fram tre punkt fylkeskommunen ser på som viktige for å betre arbeidet med å forvalte fjord- og havområda våre på ein berekraftig måte: Betre og meir tilgjengeleg havkunnskap, tilgang til teknologi og verktøy som kan styrke forvaltingskapasiteten og enklare, meir føreseieleg finansiering for regionar og kommunar som faktisk følger opp Mission Restore our Ocean and Waters i strategiar og planar.

Ocean Pact bør arbeide langs desse spora for å sikre at dei som faktisk driv forvaltninga av fjord- og havområda våre klarer å få til konkret handling langs dei europeiske kystområda.

Europeiske regionar er redde for å miste medverknadskraft

Årsmøtet brukte elles mykje tid på å drøfte og vedta posisjonar inn i forhandlingane om EUs nye langtidsbudsjett (2028-2034). Det er venta store strukturelle endringar i neste langtidsbudsjett og programperiode, fordi EU og Europa treng å styrke konkurransekrafta si i møtet med ein heilt annan geo- og handelspolitisk situasjon enn for få år sidan.

Fylkesordførar Anders Riise. - Klikk for stort bileteFylkesordførar Anders Riise representerte Møre og Romsdal. Olav Fransson Drangeid

Mykje av utviklingsmidlane som tidlegare har hatt ein tydeleg regional profil står no i fare for å hamne i eit stort konkurranseevnefond. Regionar kan måtte konkurrere seg til midlar frå dette fondet i konkurranse med andre aktørar med større kapasitet og erfaring. Forslaget frå Europakommisjonen seier at regionale utviklingsmidlar skal bli styrte sentralt og gjennom nasjonale partnarskapsavtalar, noko regionane er kritiske til og meiner vil svekke medverknaden deira.

Fylkesordføraren seier dette om endringane som er lagt fram av Europakommisjonen:

– Noreg er utanfor EU, og er derfor ikkje ein del av dei regionale utjamningsmidlane mange andre europeiske regionar føler er i spel. Horisont Europa er vi derimot ein del av i dag, og også Møre og Romsdal fylkeskommune har begynt å søke stadig fleire prosjekt i det som er verdas største forskings- og innovasjonsprogram.

Programmet gir regionen vår moglegheiter til å samskape med leiande forskingsmiljø, næringsliv, andre regionar og offentlege aktørar i Europa. Ein ser at fleire utlysingar no krev deltaking frå kommunar og fylkeskommunar, og forventar at desse krava held fram også i neste programperiode. Erfaring vår er at deltaking frå offentleg sektor styrkar relevansen av prosjekta og sikrar at prosjektresultat blir både formidla og implementert på gode måtar.

Årsmøtet vedtok ei politisk slutterklæring. Slutterklæringa peiker på kva organisasjonen skal arbeide for i året som kjem, og tar for seg ei rekke posisjonar regionane i CPMR er einige om.

Rogaland blir vertskap i 2026

Årsmøtet til CPMR vart avslutta med ein offisiell invitasjon til neste årsmøte frå Erlend Jordal, som representerte Rogaland fylkeskommune. Stavanger og Rogaland kan med andre ord vente over 200 politiske representantar november neste år, noko alle norske fylkeskommunar gler seg over.

– Dette veit eg blir bra. Vi skal hugse på at særleg vestlandsfylka i Noreg har mykje til felles, og at det betyr mykje å få delegasjonar frå 150 andre europeiske regionar på besøk til Vestlandet. Vi har mykje å vise fram og bidra til, seier fylkesordføraren.

Ein av to nordiske gjester

Den 22. november 2025 vart det arrangert eit «Euro-mediterranean Summit of Regions» i Barcelona, i samarbeid med Union for the Mediterranean (UfM), Catalonia og CPMR. Toppmøtet markerte 30-årsjubileet for Barcelona-deklarasjonen, og la grunnlaget for EUs nye strategi for Middelhavet. Målet var å styrke regionane si rolle i utforminga av Middelhavets framtid.

Anders Riise vart invitert som ein av to nordiske gjestedelegater saman med Jouko Rauhala frå regionen Lapland i Finland, og seier dette om deltakinga:

– Det er sjølvsagt kjekt å bli invitert som gjest, og det var ei erfaring å oppleve korleis regionar som med det same verker ulike vår eigen slit med alle dei same utfordringane. Det handlar om klimatilpassing og det handlar om demografi og arbeidet med å sikre både talenta og kompetansane ein treng for framtida.

Også gjestene fekk ordet. Eg løfta fram korleis havet bind oss saman, til trass for forskjellar, og at det også gir oss nokre felles utfordringar og moglegheiter. Desse bør vi vere saman om å arbeide med, fordi samarbeid på tvers av regionar bidrar til at vi oppnår meir raskare. Eg avslutta med å seie at Møre og Romsdal er klare til å lære, dele og bygge sterkare samarbeid.