Næringsforeiningane får 6 mill. kr til felles rekrutteringssatsing

Tre næringsforeiningar får til saman 6 mill. kroner frå fylkeskommunen for å få fleire til å studere, jobbe og bu i Møre og Romsdal.

Fire personar. - Klikk for stort bileteFrå «Bli med hit!» måndag 26. oktober i år i Trondheim. Kristin Vestly

Kompetanse- og næringsutvalet vedtok måndag å løyve pengane til det tredje året av samarbeidet om omdømme og rekruttering. Vedtaket var einstemmig.

2 mill. kroner til kvar

Næringsforeninga Ålesundsregionen, Molde Næringsforum og Kristiansund og Nordmøre Næringsforening får 2 mill. kroner kvar frå Tiltaksfondet.

Tilskotet kan dekke inntil 50 prosent av kostnadene og føreset fullfinansiering. Næringsforeiningane må derfor bidra med minst like mykje.

Dei tre næringsforeiningane har samarbeidd om satsinga i to år. Målet er å gjere regionane meir attraktive og få fleire til å velje Møre og Romsdal som stad å studere, jobbe og bu.

Utvikle «Bli med hit!»

I neste fase skal dei mellom anna utvikle «Bli med hit!» frå ein messeaktivitet til ei digital heilårssatsing for fylket. Dei skal også kartlegge kompetansebehovet i næringslivet.

Fylkeskommunen skal følge prosjektet gjennom årlege statusmøte og samarbeide om kartlegginga av kompetansebehov.

Bakgrunnen er mangel på arbeidskraft og den demografiske utviklinga i fylket. Saksframlegget viser at bedriftene i Møre og Romsdal manglar 1 800 medarbeidarar.

Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kompetanse- og næringsutvalet 9. november