Målet med samarbeidet er å legge til rette for meir innovasjon og berekraftig verdiskaping i heile regionen.
Avtalen inneber at fylkeskommunen skal bidra med eit årleg økonomisk tilskot, der løyvinga for 2026 er sett til 1,5 mill. kroner. Midlane blir fordelte likt mellom dei tre klyngene, med 500.000 kroner til kvar. Tilskotet blir finansiert gjennom det fylkeskommunale tiltaksfondet.
Vedtaket kjem i ei tid der Innovasjon Norge sitt nasjonale klyngeprogram er avslutta, og klyngene må finne nye måtar å finansiere det viktige «mellomromsarbeidet» på – arbeidet som bind saman bedrifter, forskingsmiljø og offentlege aktørar. Klyngene blir løfta fram som sentrale for å nå regionale mål innan innovasjon, grøn industriutvikling og sirkulære satsingar fram mot 2030.
Som del av avtalen skal klyngene utarbeide ein årleg handlingsplan for bruken av midlane, og rapportere aktivitet og resultat til kompetanse- og næringsutvalet. Fylkeskommunedirektøren får fullmakt til å inngå og følgje opp avtalane.
Saksframlegg og møteprotkoll for kompetanse- og næringsutvalet 17. mars