Nærmar seg ferdigstilling i Skarbøvika

Funn av holrom og korridorar under bakken har kravd nye løysingar, og spelt inn på omfanget av prosjektet. Ei forlenging av sykkelvegen har også auka byggetida. Likevel, no nærmar det seg ferdigstilling av sykkelveg med fortau og betre belysning i bydelen. 

Graving i gate - Klikk for stort bileteDet har vore omfattande arbeid i Tonningsgate, men det nærmar seg ferdigstilling. Kannan Ponnampalam

Ein veit aldri kva ein finn når ein grev i gamle bygater. Dette har ein fått erfare også i Tonningsgate i Ålesund, der det er oppdaga holrom og korridorar under fortauet.  

- Dette var ikkje teikna inn på noko kart, og huseigarane kjente ikkje til omfanget av konstruksjonane, seier Erlend Aune, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

- Det var dermed umogleg å planlegge for dette på førehand.  

Det eine holrommet er ein korridor som brukast til lager, medan det andre ser ut til å vere ein konstruksjon for å støtte opp fortauet. Aune fortel at det har gått ein del tid til å planlegge tiltak. Vegen og fortauet skal være trygt, utan at bygningane kjem til skade.  

- Slik situasjonen ser ut har vi i stor grad kontroll på kva tiltak vi skal utføre, seier prosjektleiaren.  

- Delar av løysinga omfattar likevel eit tidkrevande betongarbeid.  

Forlenga sykkelveg med fortau

Prosjektet i Tonningsgate er ein del av Bypakke Ålesund, og inneheld ei oppgradering av vegbana og etablering av sykkelfelt med fortau. I tillegg til funn av holrom, har prosjektet blitt forlenga fram mot Kiwi i Skarbøvikgata. Dette har gjort at arbeidet har tatt lengre tid.

- Opphaveleg var omfanget av prosjektet å bygge i Tonningsgate fram til krysset ved Tuenesvegen, seier Aune.

- Det blei bestemt å forlenge sykkelvegen når Ålesund kommune samstundes skulle legge ny vassleidning på strekninga fram til Kiwi.

Ferdigstilling i desember

Noko finpuss og asfaltarbeid må vente til våren 2025, men det det er venta at prosjektet i stor grad ferdigstillast i desember 2024. Entreprenøren Mesta AS jobbar med å finne ei løysing for å korte ned tida med lysregulering, og det er forventa at denne blir fjerna i løpet av november.

Sjå bilder frå korridorane under bakken: 

Korridor under bakken - Klikk for stort bileteDelar av holrom under Tonningsgate. Kannan Ponnampalam Korridor under bakken - Klikk for stort bileteHolromma i Skarbøvika var ikkje teikna inn nokon stad, og umogleg å vite om på førehand. Kannan Ponnampalam Korridor under bakken - Klikk for stort bileteEin betongkonstuksjon under fortauet. Kannan Ponnampalam