Nasjonalt samarbeid skal styrke biblioteka

Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått eit strategisk samarbeid med KS Digital og blir med i Bibliotek24 for å tilby digitale innhaldstenester av høg kvalitet. 

Bibliotek. - Klikk for stort bileteAverøy folkebibliotek. One Marthe Vik

Kultur- og folkehelseutvalet vart orientert om dette i møtet 11. mars.

Bibliotek24 har raskt vist seg som ei effektiv løysing for digitale bibliotektenester i Noreg. Etter ein vellukka prosjektperiode blir Bibliotek24 no ein integrert del av det nasjonale bibliotektilbodet. Dette effektiviserer drifta og reduserer kostnader for biblioteka, samtidig som det sikrar at folkebibliotek og vidaregåande skulebibliotek i Møre og Romsdal kan tilby digitale innhaldstenester av høg kvalitet. Overgangen til varig drift skjer i samarbeid med KS Digital.

Det var i 2021 at Vestfold og Telemark fylkesbibliotek, saman med fylkesbiblioteka i Agder og Rogaland, tok initiativ til Prosjekt Digin. Målet var å undersøke moglegheitene for ei felles, sentralisert drift og anskaffing av digitale bibliotektenester. Ved hjelp av eigeninnsats frå fylka og utviklingsmidlar frå Nasjonalbiblioteket starta prosjektet opp. Forprosjektet viste raskt lovande resultat, og eit hovudprosjekt blei etablert med deltaking frå alle fylka i landet. 

Gjennom tre år har Bibliotek24 samla og sentralisert drifta av digitale innhaldstenester for folkebibliotek og vidaregåande skulebibliotek. Prosjektet har redusert talet på avtalar som kommunar og leverandørar måtte administrere med over 96 prosent, og innsparingane har vore betydelege.

Våren 2024 vedtok alle fylkeskommunar eit strategisk samarbeid med Bibliotek24 gjennom KS Digital. Dette inneber at fylkesbiblioteka tar ansvar for å dekke kostnadene ved samarbeidet, slik at folkebibliotek og vidaregåande skulebibliotek i Møre og Romsdal framleis kan tilby digitale innhaldstenester som eit supplement eller alternativ til den fysiske mediesamlinga. Denne løysinga sikrar eit nasjonalt rammeverk for digital informasjonstilgang til alle innbyggarar, i tråd med den nasjonale bibliotekstrategien.

I februar 2025 vedtok styret i KS Digital å sette i gong ei verksemdsoverdraging av Bibliotek24 til KS Digital i samarbeid med Vestfold fylkeskommune. Dette markerer ei ny æra for digitale bibliotektenester i Noreg, med ei varig og framtidsretta struktur på plass. Overgangen til varig drift av Bibliotek24 markerer ein viktig milepæl for biblioteksektoren i Noreg, og skal sikre eit berekraftig, kostnadseffektivt og tilgjengeleg tilbod for alle bibliotekbrukarar.

Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet 11. mars