Stillingane er internt utlyste og kan sjåast her for dei med tilgang.
— Vi skal ha 13-14 stillingar, men dei fleste er i 20-prosent stillingsbrøkar. Så eg oppfordrar hermed alle som synes dette verker spanande å søke.
Til tross for namnet har også Nettskolen hatt fysiske samlingar. Grunnen til det er at ein ønskjer å få eit første møte med elevane før ein setter i gang med oppfølging via nett.
Nettskolelærar Kjetil Rennesund i samtale med elevar
Kristian Vold
— Vi hadde ei samling for elevar i Ålesund og Molde i veke 5. Der fekk dei ein introduksjon til kva dette handlar om og fekk møte lærarar og medelever. .
Vold fortel at dei starta med om lag 25 elever. Noko han var nøgd med for eit heilt nytt og ukjent tilbod.
— Det var ikkje alle som hadde høyrd om vaksenopplæringa før. Så slik sett har nettskolen sørga for at fleire veit at dei kan få opplæring på vgs-nivå heilt gratis.
Engasjerte og motiverte elevar
Nettskolen starta opp med 25 elever og som kunne velje mellom 3 ulike fag. Dei fleste som deltek tek 2 fag i gongen.
— Dei aller fleste tek dette greitt. Det er jo stort sett motiverte og engasjerte folk som ønskjer å gjere det bra.
Han roser lærarane som har vore med så langt.
Skryt til lærarane
— Dette er folk med så-på-vilje og som er villige til å prøve nye ting. Vi fekk oss ein fin tur til Trøndelag og fekk sjå på korleis dei dreiv nettskolen der. Det er godt å kunne få tips og råd om kva som fungerer. Ein må ha god oversikt over elevane og ha jamnlege møtepunkt. Vi har strenge arbeidskrav og oppmøtekrav på dei få møtepunkta vi har. Når ein driv nettskole er det viktig å ha oversikt over kva elevane jobbar med.