Nettverket fungerer som normalt i fylkeskommunen

Nettverksproblema som ramma fylkeskommunale tenester fredag morgon, blei ved 10.45-tiden retta. 

Fleire fylkeskommunale tenester var fredag nede på grunn av ein nettverksfeil. Feilen ramma også tannhelsetenesta og dei vidaregåande skolane.

Feilen blei retta fredag kl. 10.45 og frå kl. 14.00 var nær alle systema i full drift. Det er ikkje mistanke om at fylkeskommunen er utsett for eit cyberangrep.