I tillegg blei det 12. mai delt ut stipend til sju andre kunstnarar innan film, musikk, litteratur, scenekunst og visuell kunst. Målet med tilskota er å gi kunstnarar høve til å utvikle og fordjupe kunstnarskapen sin over tid.
Leif Ersnes, leiar i kultur- og folkehelseutvalet, seier stipenda skal gi kunstnarane nødvendig økonomisk handlingsrom:
- Det er ei stor glede å dele ut desse stipenda. Dei gjer det mogleg for kunstnarar å bu og jobbe i fylket, og bidra til å sikre eit levande kulturliv i Møre og Romsdal. Samtidig bidreg kunstnarstipenda til å styrke kunstnarøkonomien og heve kvaliteten på kunstnarleg arbeid, seier Ernes.
Vil utforske forholdet mellom menneske og teknologi
Tommy Høvik og Bjørn Vatne får arbeidsdstipend. Tommy Høvik bur og jobbar på Averøy, og får stipend for å vidareutvikle sitt kunstnarskap, der han gjennom sin praksis undersøker forholdet mellom natur, teknologi, tid og menneskeleg erfaring. For tida jobbar han med eit større verk som består av fleire installasjonar, der han ser på forholdet mellom teknologi, økologi, historie og tid.
Bjørn Vatne frå Ålesund får arbeidsstipend for to kommande bokprosjekt. I forfattarskapet sitt utforskar han spenninga mellom, individ, samfunn og teknologi. Han er interessert i å bryte ned grensene mellom den intellektuelle romanen og underhaldningsromanen, og bøkene hans er drive fram av plottet.
Vatne er svært allsidig og jobbar gjerne med kunstnarar innan andre felt, og har mange ulike prosjekt på gang.
Desse får stipend til film, musikk, litteratur, scenekunst og visuell kunst
Då søknadsfristen gjekk ut, var det totalt 60 søknadar. Av desse var det ni som fekk tildelt stipend.
Visuelle kunstartar – arbeidsstipend 200 000 kroner:
Tommy Høvik, Averøy
Litteratur – arbeidsstipend 200 000 kroner
Bjørn Vatne, Ålesund
Film:
Stefan Istad, Ålesund, 100 000 kroner
Litteratur:
Sunniva Relling Berg, Ålesund, 50 000 kroner
Musikk:
Jorunn Marie Rypdal Kvernberg, Volda, 100 000 kroner
Kari Telstad Sundet, Kristiansund, 50 000 kroner
Scenekunst:
Elisabeth Steffensen, Ålesund, 100 000 kroner
Visuell kunst:
Magnhild Opdøl, Ålvundeid, 100 000 kroner
Ole-Kristian Joki Haukeberg, Ålesund, 100 000 kroner