Ni kunstnarar i fylket får kunstnarstipend

Kultur- og folkehelseutvalet har delt ut ein million kroner i kunstnarstipend. Biletkunstnar Magnhild Opdøl og musikar Lena Nymark får arbeidsstipend på 200.000 kroner.

– Det er alltid ei glede å gi ut desse stipenda. Kunstnarstipenda er viktige for å styrke kunstnarøkonomien, og er med på å gjere det mogleg å jobbe som kunstnar og sikre eit levande kulturliv i Møre og Romsdal. Det gir også kunstnaren moglegheit til å jobbe med kunsten sin, utvikle seg og fordjupe seg over tid. Det er med på å løfte kvaliteten i arbeidet til kunstnarane, seier Jessica Gärtner, leiar i kultur- og folkehelseutvalet.

Får auka handlingsrommet

Arbeidsstipenda på 200.000 kroner til Magnhild Opdøl og Lena Nymark skal gi kunstnarar større økonomisk handlingsrom til å jobbe med og utvikle kunsten sin.

Om Opdøl seier juryen at ho har levert ein gjennomarbeid og god søknad. Ho er ein særs aktiv kunstnar som beherskar sitt uttrykk godt. Kunstnaren held seg til sitt hovudtema gjennom fleire år som er det poetiske i døden, anten i form av reduksjon av artsmangfald, menneskeskapte grenser eller den individuelle døden. Det er spennande at ho no også skal bruke temaet til meir utforsking innan teikning, skulptur og maleri.

For Nymark vil stipendet bidra til å ho får fordjupe seg ytterlegare i musikkteknologi, stemme og lyd. Ho har fleire prosjekt på gong og ho har særleg interesse av å initiere og bidra musikalsk i produksjonar med kunstnarar innafor andre uttrykk. Ho har ein sterk søknad og gode prosjekt.

Desse fekk stipend

Då søknadsfristen gjekk ut, var det totalt 45 søknadar til stipend til film, musikk litteratur, scenekunst og visuell kunst. Av desse var det ni som fekk tildelt stipend. Her kan du lese juryen sin uttale:

  • Visuelle kunstartar – arbeidsstipend på 200.000 kroner: Magnhild Opdøl, Ålvundeid
  • Musikk – arbeidsstipend på 200.000 kroner: Lena Nymark, Ålesund
  • Film: Solveig Årdal, Stranda, 100.000 kroner og Thomas Smoor Isaksen, Ålesund, 100.000 kroner
  • Litteratur: Anne Helen Kolås Ingebrigtsen, Valderøya, 100.000 kroner
  • Musikk: Kåre Nymark, Vigra, 50.000 kroner og Martin Bredin, Molde, 50.000 kroner.
  • Scenekunst: Tonje Molnes, Ålesund, 100.000 kroner
  • Visuelle kunst: Jon Arne Mogstad, Surnadal, 100.000 kroner

Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet 4. juni 2024

Uttale stipendmottakarar 2024 (PDF, 48 kB)