No har over 97 prosent av fylket tilgang til raskt internett

533 nye husstandar får utbygd raskt breiband. Samarbeid mellom offentlege og private aktørar sørger for at utbygginga skyt fart.

Bilete av ein nettverkskabel framfor ein bærbar pc - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto, fiber og breiband Per-Kristian Bratteng

Dei aller fleste i Møre og Romsdal har tilgang til raskt internett, men ikkje alle plassar har gode nok forutsetningar til at ein kommersiell aktør vel å bygge breiband der. 

Derfor har kompetanse- og næringsutvalet i fylkeskommunen no løyvd eit tilskot på til saman 25 568 185 kroner. Dette sørger for at husstandar i Volda, Molde, Gjemnes, Tingvoll og Aure får utbygd fibernett. Pengane kjem frå øyremerkte midlar i statsbudsjettet.

I ein anbodskonkurranse blei breibandsleverandørane spurt om kor mykje offentleg støtte dei måtte ha for å kunne bygge ut i områder utpeikt av kommunane. Dei som hadde lågast pristilbod fekk oppdraget med å bygge ut.

Dyrt og vanskeleg  med full utbygging

Seksjonsleiar Eivind Vartdal Ryste i Møre og Romsdal Fylkeskommune har tru på denne metoden:

- Det blir dyrare og vanskelegare jo nærmare vi kjem 100 prosent, men gjennom kombinasjonen kommersiell utbygging og utbygging med støtte frå oss så skal vi kome ganske så nærme.

Per no er det om lag 3.000 husstandar i fylket som ventar på ei slik utbygging.

Teknologien står seg

Vartdal Ryste meiner at breibandutbygginga er viktig for fylket:

- Det er positivt for Møre og Romsdal at det er bygd mykje fiber her. Det betyr at teknologien står seg, sjølv om krava til kapasitet stadig aukar.

Du surfar raskare i Møre og Romsdal enn elles i landet

Det er eit nasjonalt mål at alle skal ha ei linjekapasitet på minst 100 Mbit per sekund innan 2025. I Møre og Romsdal har no 97,2 prosent av husstandane tilgang til dette. Der er opp 2,7 prosentpoeng sidan i fjor og over landssnittet på 96,6 prosent.

Breibandsutbygging 2023 tilskot per kommune

Breibandsutbygging 2023 tilskot per kommune
Kommune Tal hus Behov for offentleg støtte Sama tilskott frå fylkeskommunen
Molde 372 8.547.866 6.753.425
Gjemnes 4 1.000.000 790.071
Tingvoll 69 4.235.000 3.345.953
Aure 77 18.071.210 14.277.547
Volda 11 507.788 401.189
Sum 533 32.361.864 25.568.185