I FRAM-appen har du før kunnet følge enkeltavgangar, men med det nye sanntidskortat får du oversikt over alle
Jan Ragnvald Eide
Sanntidskartet er lansert som eit av tiltaka knytt til Bypakke Kristiansund. Kartet gir passasjerane betre informasjon om bussane i sanntid. Du ser kvar bussen er og får informasjon om forseinkingar og stengte haldeplassar.
Sanntidskartet finn du her: https://kart.frammr.no/
Gjer det enklare å velje kollektiv
– Dette er eit godt døme på korleis Bypakke Kristiansund forenklar reisa for dei som reiser kollektivt. Når det blir enklare å sjå kvar bussen er blir det også enklare å velgje bussen i kvardagen, seier Toril Karlsnes som er seksjonsleiar for marknad i FRAM.
Du får også opp anna nyttig informasjon om for eksempel arbeid langs vegen, stengte haldeplassar og eventuell forseinkingar. Det er kjempenyttig for alle som skal rekke skole, jobb, avtalar eller overgang til andre bussruter, seier Karlsnes.
– Vi veit at god og oppdatert informasjon er viktig. Sanntidskartet gir passasjerane betre kontroll og gjer kollektivtilbodet meir brukarvennleg.
Eit av mange kollektivtiltak
Bypakke Kristiansund skal bidra til eit meir framtidsretta kollektivtilbod, betre framkome og fleire gode alternativ til bilreiser. Sanntidskartet er eit digitalt tiltak som kjem i tillegg til andre kollektivtiltak i bypakken.
Kartet viser alle FRAM-bussane i Møre og Romsdal. For passasjerane i Kristiansund betyr det betre oversikt både lokalt og på reiser vidare med buss andre stader.