No kan du kome med innspel til ny fylkesstrategi for samferdsel i Møre og Romsdal

Frå 1. desember sender Møre og Romsdal fylkeskommune forslag til ny fylkesstrategi for samferdsel på offentleg høyring. No vil vi ha innspel frå kommunar, statlege etatar, organisasjonar, næringsliv og innbyggarar i heile fylket.

Forslaget til fylkesstrategi for samferdsel med høyringsdokument kan du sjå her

Forslaget til fylkesstrategi for samferdsel peikar ut retning for korleis vi skal utvikle fylkesvegar, kollektivtransport og transportberedskap i Møre og Romsdal dei komande åra. Strategien blir ein del av fylkesplan Møre og Romsdal 2025–2028 som er organisert etter og bygger på FN sine berekraftsmål. Dette betyr at fylkesplanen, med sine underliggande dokument, skal ligge til grunn for kommunar og regionale statsetatar sitt arbeid. 

– Samferdsel handlar om kvardagen til folk. Trygge skulevegar, ferjer som går, bussar som korresponderer og vegar som er opne når du treng dei. No vil vi ha innspel til korleis vi best kan bruke ressursane våre framover, seier Jesper Wiig, samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Store utfordringar på samferdselsområdet

– Vi står framfor store val dei neste åra. Samferdsel, med gode vegar og kollektivtransport, er avgjerande viktig for at folk vil og kan bu i fylket. Det er òg ein føresetnad for næringslivet.  Samtidig veit vi at våtare og villare ver, og ei meir uroleg tid, vil stille større krav til tryggleik og beredskap. Difor er det viktig for oss å få gode innspel frå mange miljø før strategien blir vedteken, avsluttar Wiig.

Innspel kan sendast digitalt gjennom høyringsløysinga på nettsida. Høyringa er open for alle.

Høyringsfrista er 21, februar 2026