Om berre nokre veker startar Friluftslivets år 2025, med arrangement og aktivitetar over heile landet, heile året. Og med sin heilt eigen strikkegenser, laga av Anna Spjelkavik frå Rauma. Ho stakk nyleg av med sigeren i den nasjonale strikkekonkurransen som markeringa arrangerte.
Oppskrifta finn du på Frilufslivets år si nettside.
- Det var veldig artig og veldig uventa. Familie og vener har vore flinke til å stemme, men eg trudde ikkje eg skulle vinne, seier Anna (28) som bur i Trondheim, men er oppvaksen i Åndalsnes.
Ho har alltid vore glad i å strikke og glad i naturen, og tente på ideen om å designe sin eigen friluftslivsgenser. Sjølv om ho aldri har gjort det før, og heller aldri eksperimentert med noko anna enn fargar.
-Det var overraskande vanskeleg, ler ho.
Ho ville designet skulle vere noko heilt nytt, og ikkje berre ein kopi av eit anna.
- I sommar prøvde eg å sette alt saman. Eg ville det skulle eit mønster med mykje natur som folk kjenner igjen, som planter og bær ein finn over alt, og i så mange fargar som mogleg, seier den fargeglade Raumadama.
Fargerik
Og slik vart det. På vinnargenseren er først ei bord med molter, det har ho plukka mykje av på hytta, deretter ei rad med blåbær og bringebær. Og legg du godviljen til, ser du fjellrekka frå Rauma på den øvste borda.
- Eg vaks opp i Rauma, og van med å bu kjempetett på naturen, så genseren er absolutt inspirert derifrå.
Genseren er strikka i Finnull frå Raumagarn, som er varm og slitesterk norsk ull, men andre merke og sortar kan også brukast.
Ifølge designaren er plagget også enkelt å strikke.
- Du treng ingen teknikkar, det er berre å strikke rett fram og bytte farge som på mønsteret, seier ho.
No er draumen å møte folk som brukar genseren på tur, men hittil har ho berre sett bilde av folk som er godt i gang med strikkinga. Sjølv har ho laga genseren til heile familien.
Skil seg ut
Til strikkekonkurransen kom det inn oppskrifter frå heile landet, men berre tre gjekk vidare til finalen på sosiale media, der vinnaren vart stemt fram.
Jurymedlem Runa Sommerfelt, som står bak kontoen Runastrikk, seier vinnargenseren skil seg ut i naturen med den fine kombinasjonen av fargar og mønster
- Fargesamansetningane er livlege og inspirert av naturen, og passer perfekt til norske friluftsopplevingar.
Fylkeskommunen tildeler støtte til aktivitetar i friluftslivsåret.
Gjennom Friluftslivets år 2025 blir det mange aktivitetar i regi av friluftslivorganisasjonane, frivilligheita, friluftsråda, sentrale og lokale myndigheiter, skolar, næringsliv og enkeltpersonar.
Aktivitetane i din kommune blir lagt inn i aktivitetskalenderen til Friluftslivets år, slik at det skal bli lett å få oversikt over alt som skjer, og å delta.
For heile landet er det fire hovudmarkeringar i løpet av året:
- 18. januar (og veka etter): Hele Norge båler, med bålbrenning og bålkos.
- 30. august - 7. september: Friluftslivets uke
- 10. oktober: Hele Norge sammen på tur – Verdensdagen for psykisk helse
- 5. desember: Hele Norge feirer friluftslivet – Frivillighetens dag.
Friluftslivets år blir markert kvart tiande år og er forankra i Stortingsmelding om friluftsliv (2016).
Møre og Romsdal fylkeskommune vil vere ein pådrivar for å få folk opp av sofaen og ut i naturen i samband med Friluftslivets år 2025. I desember 2024 løyvde fylkeskommunen 1,5 million kroner til 33 lag og foreiningar og til deira aktivitetar i friluft.
Les meir på nettsidene til Friluftslivets år.