Fagskolen fekk nye fullmakter frå NOKUT. Snart flyttar dei inn på Campus Kristiansund
Møre og Romsdal fylkeskommune
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) vedtok denne veka å akkreditere fagområda ved Fagskolen i Møre og Romsdal. Dette gjer at Fagskolen i Møre og Romsdal raskt kan opprette nye og etterspurde utdanningar utan å måtte søke NOKUT.
Med desse fullmaktene har den siste steinen i grunnmuren vår falt på plass, ifølge næringskontakt Bertil Holen ved fagskolen.
- Det betyr at vi kan utvikle studiar utan å stå i kø for å få desse godkjente hos NOKUT. Vi kan sette fart sjølve og gjennomføre strategien og nå måla for fagskolen.
Vinn vinn for skole og næringsliv
Holen meiner også at fullmaktene vil gjere det lettare å svare på næringslivet sine behov – fortare.
-Det har vore eit inderleg ønske frå næringa om samlingsbasert studium, for eksempel på elektrostudium og innan bygg og anlegg, slik at tilsette kan stå i jobben og samtidig ta utdanning på fagskolen på deltid på samlingar eller kveldstid. Dette har vi jobba for lenge, og no kan vi få det til.
Med slike tilbod vil det også vere lettare for bedriftene å sette av ressursar som kan undervise på Fagskolen, i tillegg til den ordinære jobben.
Full skår
Fagskolen har no ansvaret for å kvalitetssikre studietilboda sjølv.
- NOKUT har i denne prosessen granska Fagskolen Møre og Romsdal og gir oss toppkarakter og full skår på alle parameter, det er vi også glade for, seier Holen.
Godt rusta
I ei pressemelding gratulerer NOKUT-direktør Kristin Vinje dei akkrediterte skolane.
– Dei har vist at dei oppfyller krava til utvida fullmakter og er med det godt rusta til å sikre og utvikle kvaliteten i utdanningane sine.
I tillegg til Fagskolen i Møre og Romsdal fekk også Fagskolen i Nord og Fagskolen Rogaland fagområdeakkreditering. Alle er relaterte til området tekniske fag.
Inn på Campus Kristiansund
Fagskolen Møre og Romsdal er ein offentleg fagskole, eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune. Den har i dag 372 studentar og 55 faste tilsette.
Fagskolen tilbyr høgare yrkesfaglege utdanningar innan maritime fag, petroleumsfag og helsefag. Fagskolen blei formelt danna i august 2021 etter at dei to fylkeskommunale fagskolane i Kristiansund og Ålesund vart slått saman. Fagskolen har studiestadar i Kristiansund og Ålesund. Fagskolen vil flytte inn på Campus når det står ferdig og bli ein del av studietilbodet.