No kan idrettsutøvarar og klubbar søke idrettsstipend

Er du mellom 16- 23 år, kan vise til gode resultat og ønsker å utvikle deg vidare som utøvar? Då kan du søke idrettsstipend. Klubbar som har eit høgt aktivitetsnivå og god drift kan og søke om stipend.

UNgdom rekker tunge og stramar armmusklane sine.  - Klikk for stort bileteDavid Leinebø Tonev i Ålesund bokseklubb frå Fosnavåg fekk idrettstipend i fjor. Bjørn Erik Huse

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut idrettsstipend som skal inspirere og motivere enkeltutøvarar til å utvikle seg vidare i idretten sin. 

Stipenda som går til utøvarane er på 50 000 kroner kvar, og skal gå til ein kvinneleg og ein mannleg idrettsutøvar i alderen 16-23 år. 

- Vi oppmodar søkarar som kan vere aktuelle kandidatar om å søke. Kjenner du nokon som kan vere aktuell, tips dei om stipendet. Vi har mange aktive og talentfulle kandidatar i fylket som fortener å bli sett, seier Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Gir inspirasjon

Idrettsstipendet blir tildelt ein klubb med eit høgt aktivitetsnivå og god drift, og det er meint å gi motivasjon og inspirasjon til vidare utvikling. Det er mange klubbar som gjer ein god jobb og som fortener støtte. Klubbstipendet er på 50 000 kroner. 

Søknadsfristen er 2. april 2024. Søkarar kan finne meir informasjon her.

I 2023 vart stipenda tildelt to unge talentfulle utøvarar, sportsdrillutøvar Amalie Skeide Sandvik (Ålesund sportsdrill) og boksar David Leinebø Tonev (Ålesund bokseklubb). Romsdal Randonneklubb fekk klubbstipendet i 2023.