Det er til ei kvar tid om lag 2.600 lærlingar i Møre og Romsdal, og mange gode lærebedrifter som løftar kandidatane fram til fagbrev eller kompetansebevis. Men fleire trengst for å utdanne nok fagarbeidarar.
– Det offentlege og privat næringsliv samarbeider tett til det beste for lærlingane. Det offentlege gir økonomisk støtte til lærebedrifter, og dei har rådgivarar som hjelper med faglege spørsmål. I tillegg finst det opplæringskontor som også er viktige støttespelarar for å hjelpe ungdom og andre opp og fram i arbeidslivet, påpeikar Maiken Røshol.
Verdifulle ressursar for bedriftene
Dei fleste lærlingane er ungdom i skolealder. Felles for desse er at dei vil arbeide praktisk. Mange har gått lei teorien på skolen. Det er også ei gruppe unge med litt ekstra utfordringar, som treng litt ekstra tilrettelegging frå bedriftene. Maiken Røshol fortel at dei har mange eksempel på at tilsette på arbeidsplassar har skapt ein god relasjon med desse, noko som har resultert i at dei har blomstra, dei har fått sitt fagbrev, og bedrifta får ein verdifull ressurs for framtida.
Fylkesordførar Anders Riise har sjølv fagbrev i ambulansefaget, og han peikar på kor viktig fagarbeidaren er for å oppretthalde gode lokalsamfunn rundt omkring i alle krikar og krokar av fylket vårt.
- Fagarbeidarane er viktige både for det offentlege og det private, og for veksten i Møre og Romsdal. Dei har kunnskapen, dei er tett på, og dei veit kva som krevst for å få til endring. Når dei har bestått fagprøva, har dei eit fagbrev som dei kan bygge vidare på, seier fylkesordføraren.
Godt for lærlingen, godt for verksemda
Håkon Stokke Sæther, dagleg leiar hos Carpenter i Åndalsnes, fortel at sjølv om dei er ei stor industribedrift i lokalsamfunnet, er dei nye som lærebedrift. Dei har no fire lærlingar, og ser fram til å ta inn nye lærlingar etter kvart:
– Vi ser at det å ha lærlingar har løfta oss som bedrift. Med lærlingar blir vi «pusha» til å ha gode rutinar. Vi ser at dette har gitt eit løft, ikkje berre for lærlingane, men også for øvrige tilsette, seier Sæther. Han fortel at det å ha lærlingar passar som hand i hanske med krava til meir berekraftig utvikling, i tillegg til at lærlingar er avgjerande for å sikre kvalifisert arbeidskraft for framtida.
Lærlingar med nye, friske idear
Ei bedrift som ikkje berre er ny med lærlingar, men også er nyetablert, er Romsdalen AS på Åndalsnes. Dei har no ein lærling i reiselivsfaget:
- Det er mykje læring i å bli med frå oppstart til etablert bedrift, trur eg. Vi synes det er veldig positivt å ha ein lærling. Ho kjem med mange nye, ferske idear, ting som vi aldri har tenkt på før. Ho tenkjer på ein litt annan måte enn det vi som har jobba her ei stund gjer, og det er både forfriskande og givande, seier dagleg leiar Susanne Brastad.
Veteranar på lærlingar
Nokon som har tradisjon med å ta inn lærlingar, er Bro og Bryt, restaurantar i Ålesund, der Ronny Kolvik er leiar. På Bro har han no tre lærlingar, og tidlegare har mange fullført læretida si her og enda opp med fagbrev i kokkefaget. Det første han ser på hos kandidatar til faget, er om dei er nysgjerrige og har rette gnisten. Faget lærer dei undervegs. Han peikar på at det er litt rørande når dei fleste forlét verksemda etter to år, men samstundes kjenner han seg stolt når har ser kva jobbar dei får rundt om i landet. Han ser også på lærlingar som heilt avgjerande for å sikre god arbeidskraft, og oppfordrar andre verksemder i ulike bransjar til å bli lærebedrifter.
I Kristiansund driv Merethe Kjellnes frisørsalongen Zikk Zakk, der ho tar imot lærlingar i frisørfaget:
– For å få kompetent arbeidskraft må vi ha lærlingar, elles får vi ikkje nok fagutdanna frisørar. Her i salongen har vi aldri hatt tilsette utan sveinebrev. Då er dei i tilfelle lærlingar. Eg ønsker ikkje at ufaglærte jobbar i mitt team, slår ho fast. Ho peikar på at heile bransjen må sørge for kvalifisert arbeidskraft, og at det å behandle lærlingane godt er nøkkelen til suksess.
Honnør til opplæringskontoret
Erling Falch, lærlingansvarleg Vard Langsten AS, Tomrefjord, har ansvar for lærlingar i platearbeidarfaget. Han fortel at halvvegs i lærlingløpet køyrer dei ei intern «fagprøve», der dei får sjå kva læringane kan, og avklare kva dei treng å øve meir på. Han er strålande fornøgd med lærlingane, og understrekar kor viktig det er å vere der for dei både fagleg og menneskeleg, samstundes som bedrifta krev at lærlingane også skal bidra positivt til det felles arbeidsmiljøet. Han løftar også fram opplæringskontoret, som ein fantastisk ressurs i opplæringa.
Fornøgde lærlingar lokkar nye til yrket
Hos Molde bakeri møter vi Andreas Berg, ein fagarbeidar som har ansvar for lærlingar i bakarfaget. Han understrekar kor viktig det er å ta vare på lærlingane, og sørge for eit trygt og sikkert arbeidsmiljø, i tillegg til å gje forsvarleg opplæring i maskiner og prosessar.
Her møter vi også Jan Roger Blø, dagleg leiar i opplæringskontoret for hotell, restaurant og matfag Møre og Romsdal:
- Det er kjempemangel på kvalifisert arbeidskraft og fagarbeidarar i bransjen, så det er avgjerande at bransjen tilset lærlingar, og tar godt vare på dei. Og så er jo det slik at den beste rekrutteringa vi kan ha i bransjen er ein fornøgd lærling, smiler Jan Roger Blø.
Maiken Røshol hos Opplæring i bedrift i fylkeskommunen skryt av både lærebedrifter og lærlingar, og stadfestar at lærlingane i fylket har ein høg gjennomføringsprosent. Det vitnar om gode lærebedrifter. Dei mange lærlingane vi har møtt er samstemte: Vi trivst, vi lærer mykje, og bedriftene tar godt vare på oss!
Og no trengst det altså enda fleire lærebedrifter i Møre og Romsdal.